O.J. går over streken fordi slik verbal påverknad ikkje er til gagn for nasjonen, men den er med på å drage folks omdøme ned. Vi kallar det gjerne ærekrenking, men den sida er det opp til den einskilde målskive å tola. Verre er det inntrykket — som er meint «til berre å le av» - som sit att hjå mange av dei som ser på dette programmet. Dette er for ein stor del born og ungdom. Eg trur at dei fleste av desse vurderer programmet som meir eller mindre uskuldig ironi, men konsekvensen - dei merka i sinnet som sit att, trur eg er langt frå uskuldige - dei er eit betydeleg bidrag til den tragiske autoritetskrisa - manglande respekt for medmennesket!

Det er uverdig og for dumt gjort av ein elles seriøs tv-kanal å sende slike program.

Forstår TV 2 berre profitt!? - TV 2 har elles mange gode program, men som eit gamalt godt ordtak seier:

«Det er lite hjelp i at ho Dagros mjølkar full bøtta, når ho sidan trør oppi».

MAGNE KJØLEN, ÅGOTNES