Vernepliktsverket vil at fotballspelaren Alexander Ødegård frå Sogndal I.L skal verte etterforska av politiet. Grunnen er ikkje taklingar i hoftehøgde, truslar mot dommaren eller at han skyt godt med begge beina. Nei, grunnen er at Ødegård har valt sivil verneplikt i staden for militær verneplikt. Vernepliktsverket meiner dette valet er så mistenkeleg at politiet bør ta seg tid til å etterforske saka.At politiet vert sett på ei slik sak gjer at ein kan hende bør sjå litt på lovverket. Slik fungerer det i dag: Dersom ein som ung mann ønskjer seg opplæring i bruk av drapsvåpen som mellom anna automatgevær og bajonett, får ein offentleg hjelp og støtte til dette. Ingen spør han om kva slags motiv ein har eller om ein verkeleg vil bruke desse drapsvåpna mot folk. Dersom ein som ung mann i staden har lyst til å gjere noko anna: til dømes eit ærleg arbeid for nærmiljøet sitt eller ein humanitær organisasjon, spør politiet om kva for motiv ein har og ein står i fare for å verte gjort til ein kriminell dersom ein ikkje fortel dei at ein nesten er på høgde med pasifisthelgenen Gandhi.Bare for å understreke det skeive i lovverket, så kan ein føye til at faren for å verte kriminalisert for sin vilje til sivil verneplikt er gjeldande så lenge ein er vernepliktig. Eit døme eg kjenner til er ein sivil vernepliktig som svært rusa og frustrert kom i problemer med dørvakter og politi. Resultatet av "fyllekula" var at han ble overført frå sivil til militær verneplikt. Staten påla mannen våpenopplæring etter at han (rett nok i svært rusa tilstand) hadde vist vilje til å slåss. Så Ødegård og andre sivilt vernepliktige fotballspelarar bør passe seg grisetaklingar og hardhendte skubb.Eit litt meir balansert og rettvist lovverk enn det noverande ville vore eit lovverk som jamstelte sivil og militær verneplikt. Dei vernepliktige burde sjølve få velje på kva for ein måte dei skulle gjere verneplikt. Og dette valet skal dei kunne gjere utan å verte mistenkte og stå i fare for å verte kriminaliserte om dei tok det sivile alternativet. Innvendinga mot ein slik jamstelt lov vil melde seg med ein gong: »Kva om alle da vel sivil verneplikt?» Og svaret er at om det er slik at lovgivarane og «forsvarsvenene» i Noreg fryktar at unge menn skal velje sivil verneplikt dersom dei ikkje vert truga til å dra i militæret, så er det demokratiet og sitt eige folk dei fryktar. Den frykta burde dei lære seg å leve med.