La meg med ein gong rydde bort alle moglege mistankar. Eg skriv ikkje for mi sjuke mor. Eg har gjort mitt for folketalet og har gjort meg usårleg for eventuell strid mellom generasjonane ved å satse på alderspensjon og kontantstønad, ein uslåeleg og sutelaus kombinasjon.

Men når stortingsfleirtalet nå satsar så hardt på maksimalpris i barnehagane, er det underleg at vi høyrer så lite til det verkeleg gode argumentet for slik satsing. Norge har i likskap med det meste av den rike verda eit langsiktig problem i for låge fødselstal og utsikter til nedgang i folketalet.

Vi fekk høyre ein masse om å gjere meir for småbarnsforeldra. Det let omtrent som ved innføringa av kontantstøtta: Kontantstøtta er eitt av etterkrigstidas verste eksempel på ei mislykka reform. Det blir pøst ut milliardar i generell forbruksauke utan at vi ein gong oppnår formålet med pengebruken, nemleg at foreldre i nemneverdig grad held seg meir heime i samvere med barna. Ei anna sak er det at dette formålet i alle fall er i konflikt både med målsetjingane i likestillingsarbeidet og med stadig meir tydelege behov i arbeidsmarknaden.

Framlegget om maksipris i barnehagane har eit større potensial. Eg likar derfor ikkje at det blir underselt ved at det blir eit spørsmål om levekåra for ein høgst ueinsarta masse av småbarnsforeldre. Om dei nå enda hadde sagt at barnehagar er bra for ungane og som sant er påpeikt at det einaste alvorlege trugsmålet mot friske barn som oftast er foreldra.

Eller at dei i alle fall hadde gjort det til ei likestillingssak og påpeikt at det er denne typen stimulansar som er heilt nødvendige for at kvinner skal kunne få den yrkesdeltakinga som både dei og samfunnet er så interessert i. Men helst ville eg altså ha sett at dei hadde greidd å gjere denne saka til eit godt verkemiddel i ei av dei viktigaste utfordringane vi står overfor: Det blir for få av oss her i landet.

I det meste av mitt liv har eg høyrt om befolkningsbomba, trugsmålet om alfor mykje folk på jorda og korleis befolkningseksplosjonen ville føre til miljøkatastrofar og matmangel. Nå er dette snudd om. Eg les stadig oftare artiklar frå kunnige folk som peikar på at det største trugsmålet mot mannsætta er svikt i folketalet. Dei kalde tala er framleis skremmande: Det tok millionar av år før folketalet på jorda runda milliarden i 1804. Så tok det 123 år før vi vart to milliardar i 1927 og 33 år å nå tre milliardar i 1960. 14 år seinare i 1974 runda vi 4 milliardar, i 1987 vart vi fem og like før tusenårs-skiftet, i oktober 1999 vart vi seks milliardar menneske på jorda. Men dei siste åra har prognosene for framtidig utvikling endra karakter.

FNs beste tips var ni milliardar i 2050, men stadig oftare ser vi at ekspertane er inne på at det kan kulminere med 7,5 milliardar i 2040. Det dei likevel synest å vere einige om, er at Kina og særleg India vil vekse på mellomlang sikt, men at den såkalla utvikla verda er i ferd med å skrumpe framfor våre auge. På lengre sikt vil folketalet i heile verda gå ned. Den viktigaste grunnen til det er kvinnenes auka status i verda.

Thomas Malthus og dei andre store profetane i demografien hadde aldri fantasi til å tenke seg at kvinner i slikt omfang ville søke arbeid og sjølv bestemme storleiken på familien sin. Dei fleste synest nå å vere samde om at dette er eit fenomen som ikkje let seg utrydde og at vi derfor må venje oss til å debattere konsekvensane av synkande folketal.

På nettstaden til Statistisk Sentralbyrå har eg funne ut at det såkalla fruktbarhetstalet for Norge i 2001 var 1,78. Det er ned frå 1,85 året før. SSB gjer eit nummer av at vi framleis ligg framfor Sverige (1,57) og Danmark (1,77) På 90-talet varierte det mellom 1,85 og 1,93 her i landet. Dette fruktbarhetstalet fortel kor mange barn kvinnene i gjennomsnitt har fødd. For at folketalet skal forbli stabilt, bør dette talet vere 2,1. I Japan er det nå 1,4. Særleg alarmerande er det merkeleg nok i nokre land i Sør-Europa, Italia og Spania. Der er talet nå i delar av landa kome under 1,0. Denne raske nedgangen i fertiliteten har såleis dramatiske konsekvensar for prognosene for folketalet i verda. Så kan vi alle starte våre eigne spekulasjonar om tilsvarande dramatisk utvikling på ei lang rad område. Mindre folk tyder færre ureinarar.

Presset på miljøet blir mindre. Andre pressproblem i trafikken, på bustadmarknaden og i skolane, kan bli meir overkommelege. Nedgangen i talet på yrkesaktive og fleire eldre er eit problem vi har debattert lenge. Familiane blir mindre, fleire eldre må greie seg sjølv og blir meir avhengige av institusjonar og langtidspleie. Nokon må betale for det. Mangelen på arbeidskraft er også etter kvart komen på dagsordenen i delar av politikken og administrasjonane.

Dei nåverande prognosene seier at ni tideler av alt folk i 2050 vil komme frå det vi har kalla utviklingsland. Rike land og område vil konkurrere om den gode arbeidskrafta og den ønska innvandringa. Dei siste dagane har vi følgt dragkampen i EU om å formulere ein ny innvandringspolitikk. Det kan fort fortone seg som ein yttarst gamaldags diskusjon.

Den globale maktbalansen kjem til å bli endra av ei slik utvikling. Mange land vil måtte diskutere sine tradisjonelle førestellingar om nasjonal identitet og kultur. Vi kan vone på at den nye konkurransen om arbeidskrafta ikkje blir ein konkurranse om å kunne tilby lågast mogleg skattar. Når rike europeiske land kappast om å tilby lågast skatt til det dei definerer som sjøfolk, er det lett å sjå at dei kan finne på det same for andre kategoriar arbeidskraft. Det vil kunne ha katastrofale konsekvensar for velferdssamfunnet og offentlege tenester.

Sjølvsagt står vi her ved ei mogleg utvikling som ytterlegare kjem til å legge press for å utvikle ein global politikk som sikrar at det blir færrast mogleg taparar i den nye konkurransen om arbeidskrafta. Igjen ser vi at det må vere i alle lands langsiktige interesse å utvikle ei verd som er verd å bu i for alle dei 7,5 — 9 eller kva milliardar vi etter kvart skal bli.

I vår eigen nasjonalstat er det ei aktuell utfordring å gjere det meir attraktivt å formeire seg. Det perspektivet spelte faktisk ei rolle ved innføring av maksiprisar i barnehagane i Sverige.

Svangerskapspermisjonar, barnetrygd og andre tradisjonelle verkemiddel kan bli viktigare. Til sjuande og sist blir likevel den avgjerande utfordringa å skape eit samfunn der foreldre ser ei god framtid for sine barn. Balansen mellom arbeid, familieliv og anna godt liv er under stadig debatt og utvikling. Den balansen kan vise seg å bli svært utslagsgivande for utviklinga i folketalet.