Kraftig snøfall skapte store vanskar på Stord-vegane fredag, og fleire bilar hamna i grøfta.

— Men me har så langt ikkje fått melding om uhell med personskade, opplyste vakthavande ved lensmannskontoret klokka 19.30.

Brøytemannskap jobba på spreng for å rydda unna dei store snømengdene, og starten av vinterferien gjorde at det var relativt stor trafikk på vegane. Ein trailer lasta med fisk kjørte i grøfta på E 39 ved Agdestein seint torsdag kveld, og det meste av fredagen gjekk med til å rydda vogntoget for last og få kjøretøyet på vegen att. Ryddearbeidet medførte at berre eit kjørefelt kunne nyttast, og bilførarar blei oppmoda om å nytta riksveg 545 via Fitjar så lenge arbeidet pågjekk.

Også på Bømlo skapte snøfallet trøbbel for trafikantane, og fleire kjørte seg fast i snøkavet.