Jan Ø. Berle og Terje Andersen utarbeidde den første rapporten som konkluderte med at søvnløyse var hovudårsak til manglande medvit hjå tiltalte.

Rapporten førte til at den då sikta drosjesjåføren vart sett fri frå varetektsfengsel i mars i 2000. Han vart fengsla att etter alkoholsprekk to veker seinare, og vore fengsla sidan.

Den rettsmedisinske kommisjonen godkjende ikkje rapporten, og leiaren av kommisjonen, Randi Rosenqvist, møter over helga Retten oppnemnde så Berthold Grünfeld og Hans Jacob Stang som nye sakkunnige. Dei meiner tiltalte kan straffast.

Tor Hilberg og Jørg Mørland møter for Statens Rettsoksikologiske institutt, som har stipulert tiltalte sin blandingsrus til å tilsvara tre promille alkoholrus, av dette knapt halvparten alkohol.

Forsvararen har no varsla at professor Arne Holte skal greia ut om søvnløyse.

Inge Morild ved Gades Institutt fyljer saka, og skal forklara seg om obduksjonen.

Når juryen har avgjort skuldspørsmålet og fire jurymedlemer saman med dei tre fagdommarane har målt ut eventuell straff, tek fagdommarane fatt på erstatningsspørsmålet. Jofrid Alice Nygård og Karl Normann har vurdert verknadene for offeret sin ti år gamle son.

Retten er samansett av lagmann Daniel Lunde, lagdommar Terje Einarsen, kst. lagdommar Marie Vonen og ti jurymedlemer. Statsadvokat Randi Gabrielsen fører aktoratet, medan advokat Odd A. Drevland er forsvarar. Advokat Turid Mæland er bistandsadvokat for Kari Aalvik sine etterlatne. Retten har sett av to og ei halv veke til saka.