• Eg er heilt overvelda over responsen. Det er alt ventelister for å bli med på treffet i Oslo torsdag, der me har invitert utflytta fitjar- og stordabuar til snuplasstreff på Smuget, seier Inger Karin Larsen Nerheim, etablerarekspert i SNU-prosjektet på Stord.

LARS MÆLANDStord

Per Ståle Lønning er konferaniser, Olav Akselsen, Ingebrigt Sørfonn og Hans J. Røsjorde blant dei lokale kjendisane frå rikspolitikken som stiller opp for å lokka iderike sunnhordlendingar heim igjen etter endt utdanning eller anna virke i hovedstaden. Pluss på med ein solid dose kultur, og det heile er blitt ein miks som har frista mange.

– Det er tydeleg at lokala me har tinga, med plass til kring 100, var i minste laget. Eg hadde ikkje våga tru på slik interesse, og det er svært gledeleg at så mange vil vera med på dette opplegget, seier Larsen Nerheim, drivkraft i etablerardelen av det store omstillingsprogrammet SNU der målet er å skapa nye arbeidsplassar i Stord og Fitjar til erstatning for dei som går tapt når offshoreindustrien på øya reduserer tal tilsette.

– Me håpar sjølvsagt å få tak i folk som kan bidra til nyskaping, men vil også gjerne få heim igjen folk som har vore ute og skaffa seg ei utdanning. Det teiknar til å bli eit spennande møte i Oslo torsdag, seier Inger Karin Larsen Nerheim.

Planen er å laga til liknande SNU-opplegg i Bergen og Trondheim, og kanskje også Stavanger.