Det var helst morosam lesnad. Og eg er samd med han/ho på eit punkt, når han/ho gjev lovord til Bergens Tidende som hev gjeve plass til so mange artiklar i denne «serien». Eg trur at debatten – so meiningslaus som han delvis hev vore — må han fanga mange til å tenkje. V. Nonås skriv at «parodien er fullkomen, og BT gjev oss alt i denne saka.»

Nei, den skortar mykje på det. Nonås hevdar at debattantene «Kranglar og spreier sine peronsmotsetnader til det ganske Vestland». Det påstander syner at skribenten ikkje hev fange tak i bakgrunnen. Ei uoppklåring vil han/ho truleg lesa med interesse.

Målsaki er eig gamal sak i Noreg. Ho hev historisk og nasjonal bakgrunn. Bergensarane var tidleg ute - dei var millom dei fyrsta etter Ivar Aasen. I 1868 skipa dei Vestmannalaget, Noregs fyrste mållag. Mange hundrede var med, millom dei ogso 30 lagsmenn på Island, som sende sine årspenger endå dei ikkje kunde koma på møti. Vestmannalaget kan syna til resultat.

Håkonshallen vart atterreist etter hundradårs forfall. Sambandet med Island og Færøyane vart nya uppatt. Bibelen vart umsett til landsmål. Ein kappleik på hardingfela vart ei berging for folkemusikken. I Oslo kjøpte formann i Vestman-nalaget då, C. B. Bugge, den senturmstuftå som Det Norske Teatret fekk reise storbygget sitt på, mange år seinare. Me fekk ei verdfull klassisk dikting på eit atterreist norskt mål.

Vestmannalaget reiste eit minnesmerke yver sogeskrivaren Snorri Sturluson på Reykholt og i Bergen. Vestlandsbanken var lenge ei økonomisk stormakt i Bergen.

Dette var nok av det som hende. Men mykje kan skifta. Nye tider kom. I dei tvo-tri siste åri hev Vestmannalaget havt su-me i leidingi som ikkje haldt mål. Bladet «Vestmannen» som laget gjev ut vart so dårleg styrat det det bar mot buslit. Ei ny stjorn såg at det måtte gripast inn, og bladstyrar Lars Bjarne Marøy vart uppsagd. Og då kravet kom til same mannen, Lars Bjarne Marøy, um årsmøta i Vestlandske Mållag (fylkeslaget vårt), der han no er formann, som svara han med å kalla inn til årsmøte på Borkne i Nordfjord, ein stad som ikkje finst på kartet. Då var den «såpeoperaen» som V. Nonås no skriv um, i full gang. Formannen i Vestmannalaget, Jon Askeland, og andre, måtte gripa inn mot såpeoperaen. Og eg viser til at Bergens Tidende òg greip inn, med reportasjonen «Målmøte på stad som ikkje finst».

Skulde målfolket i Vestmannalaget og i Vestlandske Mållag berre ha tagd still, og tenkt at Marøy fær få halda fram med å låtterleggjere ei ideell sak som tidlegare generasjonar hev ofra tid og midlar på? Sume meinte nok det. Artiklane deire sy-ner at dei såg dette som ein krig. Hovudpersonen Lars Bjarne Marøy kallesin lange artikkel «Våendragarar i Vestmannalaget», og Lars-Toralf Storstrand var endå sterkare: Han skriv um «Jerdals og Askelands krigføring». So her skynar me at helst skulle hovudi rulla, me er attende i storfeld Vikingtid. I heile 7 punkt freistar Lars Bjarne Marøy den 13. juni i BT å syna at det er klagar han for er klage utan grunn. Men han greidde det ikkje.

Han gjeng med på at «Vestmannen» ingen ting hadde um Vestmannalaget og Vestlandske Mållag i hans styringstid. Men det var fordi ingen hadde ynskt å få inn meldingar og lagarbeidet. Marøy meiner altso i fullt ålvor at ein bladstyrar ikkje skal ha idear sjølvi og! Og hans «våpen-dragar» og «medkrigar» Lars-Toralf Storstrand, Frekhaug, fortel at eg i fjor protestera mot at årsmøtet i Norsk Blad-mannslag (der Marøy òg er formann) vart halde i eit privat hus i Oslo.

Sanningi er at eg kom med krav um at Bladman-nalaget som hev dei fleste lagsfolk i pressen på Vestlandet der norskt mål er mest i bruk, burde heldast i Bergen.

Eg skynar at Storstrand var på møtet i Oslo, og at han meiner at Askeland og Jerdal skulde halde kjeft, for me er for gamle og for vanetenkjende. Og sidan han var på årsmøtet i Oslo vil eg uppmoda han um å lata oss få vita kva Lars Bjar-ne Marøy (som altso er ung) hev gjort i Bladmanalaget etter det årsmøtet. Er det drive lagsarbeid, eller er det laget like daudt som Vestlandske Mållag som no skal til Borkna?

Og dermed attende til V. Nonås som fekk meg til å skrive dette: Me som er upptekne av måldyrking og reknar målet for ein verdfull kulturskatt, skulde me ha set på at duglause leiarar styrde lagi våre til daude? Eller skulde me brukar røyste-retten vår til å segja ifrå? Eller skulde me ha leita oss fram til Borkne?

Av Ludv. Jerdal