Av Ivar Molde

Jespersen har eg for lenge sidan slutta å sjå på, men her har me framfor oss eit ordrett referat. Det er ein ordbruk så respektlaus at det er berre heilt utruleg: at det verkeleg går an! Korleis må ikkje menneske som slit med psykiske lidingar oppleva den innleiande harselasen? Og dei to siste setningane, kva er vel det? — anna enn ei regelrett oppmoding til drap!? På annan måte vert me visst ikkje kvitt statsministeren me no har - enn ved å spandera Oslo-tur på Christer Pettersson! Ærleg talt: Skal dette vera humor?

Det er jammen eit stort paradoks. Mobbing er noko alle er offisielt imot. Det er eit tema som i stigande grad vert fokusert med sikte på skule, arbeidsliv, samfunnslivet i det heile. Som aldri før skal alle gode krefter no gjera sitt - i ein omfattande innsats mot mobbing på alle felt. Born, ungdomar og alle skal me læra å møta kvarandre med respekt som medmenneske. Dette var noko eg trudde me skulle stå saman om. Men på tv-skjermen - der skal altså ein viss type «programmakarar» ha rett til å boltra seg med mobbing og respektlaus omtale så mykje dei berre vil - i beste sendetid. Er det slik me vil ha det? Skal tv-skjermen verkeleg vera ein slik fristad? Sagt på ein annan måte: Skal mobbing vera godt og rett når det er på tv-skjermen?

Lat oss få ein folkeleg reaksjon mot dette søppelet! Det aktuelle tilfellet er ikkje eineståande - om enn kanskje det grovaste!? Dersom slik tv-harselas skal kunne gå føre seg utan det minste av konsekvensar for den/dei ansvarlege, ja,- då må eg berre seia: det er skremmande! Når tv-mediet slik driv og bryt effektiv ned det som me elles i samfunnet prøver å byggja opp av gode verdiar og haldningar, ja,- då er det verkeleg noko som ikkje stemmer. Mildt sagt!!