Eg er frå Hallingdal, men flytte til Øystese då eg var fjorten for å gå på realskulen. Der gjekk eg forresten over til nynorsk skriftmål fordi alle andre skreiv det. No underviser eg på ein bokmålsskule, og skriv nynorsk og bokmål ettersom det høver.

Heime snakka eg to dialektar, den eine var det som vestlendingar noko misvisande kallar «østlandsk», altså ei bokmålsprega dialekt. Denne nytta eg i lag med mor mi som er frå Ås i Akershus. Med far, som var innfødd halling, snakka eg ei hallingdialekt som var den vanlege på femtitalet. Dette er òg sjølvsagt «østlandsk», men med nynorskpreg. Besteforeldra mine på farssida snakka gamalt holingsmål.

Eg har budd mange stader, og daglegtalen er vorten prega av det, m.a. snakka eg jysk i tre år då eg budde i Danmark. No er daglegtalen min blanda opp med ein del uttrykk frå vestlandsdialektar. Ein gong skreiv eg på oppdrag ein bursdagssong til Ranveig Frøiland på strilemål, og det må eg vel ha lært meg i min omgang med sotrastrilar, vil eg tru.

Eg beherskar likevel framleis gamalt holingsmål såpass godt at eg snakka inn prøve av denne dialekten for UiB til bruk i nordiskstudiet for nokre år sidan. (Dette vart eg bedd om å gjera av Gunnstein Akselberg, forresten.)

Eg har budd i Bergen og vore lærar på Litle-Sotra sidan 1986, meste tida på Hjelteryggen skole. Eg har observert foreldre, born og lærarar over mange år. Eit poeng som både Akselberg og Kobbeltveit overser, er at det slett ikkje bur så mange vaskeekte bergensarar på Hjelteryggen. Føresette til borna i klassen eg er klassestyrar for, til dømes, kjem frå ulike stader. I farten kan eg hugsa Bærum, Hardanger, Sogn, Hongkong, Etne, USA, Trondheim og Alta, forutan frå Bergen og omland. Det er òg ein eller to andregenerasjons hjelteryggarar. Staben på Hjelteryggen skole er minst like mangfaldig samansett: Hallingdal, Kragerø, Masfjorden, Grimstad, Sunnfjord, Askøy, Hjelteryggen, Øygarden, Kolltveit, Tyskland, Volda, Vigra og Bergen for å nemna det eg kjem på. Eg opplever ikkje desse som at dei har noko behov for å stå med lua i handa og prøva å knota bergensk for å gjera seg forstått. Ikkje heller opplever eg at dei er rotlause og historielause. Dei har røtene sine og historia si frå andre kantar av landet. Det er vel ikkje meininga at dei skal leggja frå seg dette, eller forandra dialekten sin? Og kva for ei historie er det eigentleg ein snakkar om på Hjelteryggen? Det var sauebeite og torvmyr der før utbygginga. Av den grunn har det difor heller aldri vore tale om nokon strilekrig i større målestokk, då sauene var heller uinteresserte i dette. Eg trur dei ikkje brydde seg stort om i kven sine fårikålgryter dei hamna og kva slags dialekt vedkomande hadde.

(Eg skal forresten strekkja meg så langt at eg må få gi uttrykk for at eg vart svært skuffa over namnet på den nye barnehagen, Marihøna. Her meiner eg det hadde vore ein gyllen sjanse til å namngje etter noko i området, for eksempel Torvhuset, Lambhuset eller liknande. Eg skal gladeleg gå med på at eit namn som Marihøna er temmeleg historielaust.)

Når det så gjeld borna og deira dialekt, har eg observert at dei har lagt seg på det eg vil kalla «nystril». Det er eit bygdemål med islett av bergensk bymål. Eg synest dette er genialt gjort av ungane. Kva skulle dei elles gjera, forresten? Dei høyrer ei mengd ymse dialekter rundt seg heile dagen, og plukkar ut det som høver for dei.

Gunnstein Akselberg har mange gonger poengtert at talemålet forandrar seg over tid. Dialekten som no blir snakka av ungane på Hjelteryggen er eit ypparleg døme på dette. Eg har òg døme frå min eigen klasse og andre at ungar som kjem flyttande til Hjelteryggen frå Bergen legg om til meir bygdemål etter ei stund. Og ikkje berre frå Bergen, forresten, ei iransk jente frå eit asylmottak på Austlandet la om til den lokale dialekten som dei andre ungane snakka, etter kort tid. (Heilt medvete la ho om i juleferien, så det ikkje skulle vera så påtakeleg.)

Dette kunne vera ei fin forskingsoppgåve for Akselberg, så han slapp å koma med synsingar om det.

Då Gunnstein Akselberg og eg gjekk på Voss gymnas på 60-talet, var ikkje dialektane så høgt i kurs som dei er no. Eg hugsar at det vart herma etter dei som var ekte vesser og snakka vossamaolet sitt. Eg hugsar òg at det vart sagt at det var eitt mål som var gangbart på Vangen, og at det var annleis enn det dei snakka «på bygdene». No har vel Voss aldri vore eit slikt pressområde som Litle-Sotra, og dersom vossingane maktar å halda på dialekten sin, så ære vera dei for det. Men ære vera òg dei sogningar, sunnfjordingar, askerbøringar eller trønderar som held på sin dialekt om dei flytter til Hjelteryggen eller andre stader. Eg vil òg minna Olav Kobbeltveit på at det ikkje er stavnsband her i landet. Du har vel aldri tenkt å innføre ein eigen asylpolitikk for Litle-Sotra? Og eg, halling som bur i Loddefjord, må eg syna gyldig grensepass kvar gong eg køyrer over Sotrabrua til arbeidsplassen min på Hjelteryggen?

Av Liv Marit Dalen, lærar på Hjelteryggen skole