Rune Almås ved Almås Hotell var misnøgd med veggmåleriet som han bestilte og fekk utført av amatørmålar Are Risnes (22). To tredeler av prisen på 23.000 kroner blei halden tilbake i tiltru til at Risnes gjorde motivet endå meir naturtru.

Are Risnes hevda at han gjennomførte prosjektet i tråd med avtalen. 22-åringen har no fått fullt medhald av Sunnhordland tingrett. Almås Hotell er dømt til å betala ut heile avtalesummen, med renter. I tillegg må hotellet ut med nær 20.000 kroner som Risnes har hatt i sakskostnader som følgje av maleristriden.

Detalj-krangel

Det vel to gonger tre meter store bildet med Stord-motiv er måla på veggen i ein salong på hotellet. Arbeidet blei utført på ei veke hausten 2001.

Almås meinte at kunstverket ikkje var ferdiggjort, at det ikkje var så detaljert i motivet som Are Risnes hadde førestilt han.

Are Risnes viser til at han arbeidde intensivt natt og dag, og at bildet var både detaljrikt og representerte hotellet på ein verdig måte. Etter ønskje frå hotellet måla han også inn ein hegre i ettertid, sjølv om han meinte fuglen ikkje passa inn.

— Eg synest bildet er fint, eg, sjølv om Almås kunne tenkt seg fleire detaljar, seier Risnes sin advokat, Audvald Kvamme.

Av dommen går det fram at denne type oppdrag handlar om kunstnerisk fridom der bestillaren ikkje kan gripa inn i, sjølv om det dreier seg om ein amatørmålar.

— Kunstnaren hadde nok større fridom enn eg trudde. Men eg meinte eg blei lova ein ting som eg ikkje fekk, seier Rune Almås, som ikkje reknar med å anka dommen.

TIL VEGGS: Stridens kjerne, veggmåleriet på Almås Hotell som etter rettssaka er blitt meir enn dobbelt så dyrt for oppdragsgjevaren enn han rekna med<br/>Foto: OVE ARNE OLDERKJÆR