Den siste veka har eg lese at eg har fått nokre verbale leggspark av Valgerd Svarstad Haugland. Der eg kjem ifrå, er det god folkeskikk å returnere slike. Dette gjeld NRK sjølvsagt. Det er ikkje min krig lenger, så eg får vel styre meg. Men ho sa mangt anna i Stortinget sist torsdag som fortener ein kommentar.

Eitt av leggsparka var at NRK har selt eigardelane sine i det analoge landsdekkjande sendarnettet sitt til Telenor, eit sal som ministeren i dag finn lite framsynt. Det er fullt mogleg å stille spørsmålet om dette salet som fann stad i 1996, kom for tidleg. NRKs finske søsterorganisasjon, YLE, venta til i fjor og fekk det femdoble for eit nett som snart er søppel. Men då hadde vi heller ikkje hatt noko NRKTO og mange andre viktige investeringar som har vore avgjerande for NRKs konkurransekraft. Dersom statsråden meiner at allmennkringkastaren burde ha tatt sikte på å posisjonere seg på eigarsida i den framtidige digitale infrastrukturen, er det eit standpunkt som mest er utan parallellar i noko anna europeisk land. Føresetnaden for det ville ha vore heilt anna handlekraft og vilje til økonomiske utteljingar enn det Kulturdepartementet har stilt opp med for NRK dei seinaste åra.

Salet av det analoge nettet fann stad etter stortingsvedtak. På grunn av mi intense glede over nå å sleppe å utkjempe slike slag lenger, avstår eg frå strevet med å finne ut om Kristeleg Folkeparti og Valgerd Svarstad Haugland stemte for dette vedtaket. Men Valgerd kan jo få den i departementet som syntest dette var ein fornuftig kommentar, til å undersøke det. Så kan ho og departementet som Sindre Piltingsrud ta ein debatt med seg sjølv om kva dei meinte og meiner.

Viktigare er det at kultur— og kyrkjeministeren fortalde at ho nå vil sende spørsmålet om konsesjonstildeling for bygging av eit digitalt bakkenett for fjernsyn ut på ny allmenn høyring. Det fortel om eitt av dei alvorlegaste problema i vårt folkestyre. I vårt demokrati er politiske vedtak ofte resultat av svært seindrektige prosessar. Dette blir eit stadig større problem fordi aktørane i marknaden handlar så mykje raskare og fordi dei teknologiske endringane kjem så snøgt at folkestyret regelmessig kjem i bakleksa.

Det er nå sju år sidan NRK første gongen gjorde Kulturdepartementet merksam på at det var ønskeleg og nødvendig å skunde på arbeidet med å byggje eit digitalt bakkenett for fjernsyn. Sidan den gongen har spørsmålet vore omtalt i budsjettproposisjonar og årlege stortingsmeldingar kvart år. Hausten 1999 handsama Stortinget ei særskilt melding om saka. Argumenta for denne investeringa har gjennom desse åra blitt sterkare. Dei største føremonane med eit digitalt bakkenett er at det er det overlegent beste alternativet for mobilt mottak og at det er den rimelegaste og beste distribusjonsforma for lokalt og regionalt fjernsyn. Mobilt mottak blir stadig viktigare fordi fjernsynssignalet skal inn på flate skjermar, mobiltelefonar og mange andre innretningar som ser heilt annleis ut enn den gamle fjernsynsboksen. Det digitale bakkenettet vil såleis i lang tid framover vere eit nødvendig og viktig supplement til det dominerande alternativet for framtidig fjernsynsdistribusjon, eit landsdekkjande breibandsnett med stor kapasitet.

For byråkratane i Kulturdepartementet er dette sjølvsagt ei vanskeleg sak. Interessentane i dette spelet er mange og sterke. Konfliktane er harde mellom dei involverte. Marknadskreftene mislikar som vi veit alle tendensar til statleg engasjement og vektlegging av samfunnsinteresser. Finansdepartementet har meir sans for investeringar i utalandske atomanlegg enn i norsk kultur. Røynslene frå mange nærskylde land fortel at det er vanskeleg å få bedriftsøkonomisk lønsemd i eit slikt bakkenett. I ein slik situasjon vil ei ikkje altfor reformivrig regjering og eit tvilande byråkrati ha mange teknikkar for å spare seg arbeid og unngå politiske avgjerder. Vår tradisjonsrike ordning med stortingsmeldingar er ein slik teknikk. Då gjer ein noko samtidig med at ein sparer seg bryet med å lage ein proposisjon og få fram eit vedtak. Nødvendige og unødvendige høyringar er ein annan probat teknikk.

Dette kjem eit departement lett unna med i saker der det ikkje er noko særleg til folkekrav for endringar. Men i skrivande stund driv dei utanfor vinduet mitt og tek ned mi gamle analoge parabolantenne. Ho er stygg og eg treng ho ikkje lenger. Den overlegne digitale distribusjonen er komen. Den digitale epoken er her. Og i Kulturdepartementet veit dei at forlenging av den analoge epoken på jord er eit samfunnsøkonomisk og bedriftsøkonomisk sløseri med pengar og frekvensar. For kvar månad som går, er sjansen for at det analoge nettet skal bli rekningssvarande, blitt mindre. Satellitt og tradisjonell kabel vinn terreng kvar einaste dag trass i at det er mindre framtidsretta distribusjon enn eit digitalt bakkenett. Norge som meir enn noko anna land treng eit bakkenett mellom anna fordi Høyanger og andre viktige metropolar på Vestlandet delvis ligg i satellittskugge, er nå på etterskot i forhold til alle land vi bør samanlikne oss med.

Eigentleg har eg medkjensle med Valgerd. Det er andre regjeringar og andre statsrådar som har større ansvar for at vi held på å komme alvorleg i bakleksa. Men ho gjer vondt verre med ny lang utsetjing og nye allmenne høyringar. Når saker er vanskelege, er det så lett å bruke tida på å drøfte om det ein gjorde for fem år sidan skulle vore gjort annleis. Eller å bruke energien på noko anna og ufarleg. Valgerd bruker den teknikken når ho nå gjer stort nummer av å igangsette eit arbeid for å «avgrense allmennkringkastingsoppdraget». Det er heilt unødvendig arbeid og det kjem ikkje til å kome noko nyttig ut av det. Men det blir vel produsert ein del ord.

Slike verdikommisjonar er oftast uttrykk for maktesløyse og mangel på evne til handling. Av ein eller annan merkeleg grunn blir eg i hovudet mitt ikkje kvitt eit herme som er mykje brukt i eit distrikt nord for Bergen der eg er bra kjend. Det manglar kanskje litt på finesse og eleganse. Men det tek det att i presisjon. Der seier dei:«Han likjest purka, største makta har han i trynet.»