ARNE HOFSETH arne.hofseth@bergens-tidende.no

Max er ein hund til å snusa opp heroin.— I fjor kverrsette vi 26 gonger så mykje heroin som året før, opplyser toll- og kontrollsjef Rolf Ole Seljeflot i Hordaland, Sogn og Fjordane Tolldistrikt til Bergens Tidende.

Han gir narkotikahunden Max svært mykje av æra for fangsten. Det har dessutan mykje å seia at hunden ikkje lenger må nøya seg med å snusa på bagasje, men kan også lukta på personar.

Talet på politimeldingar auka frå 118 til 239.

— I februar får vi ein hund til, og dermed vil enda fleire smuglarar kunne avslørast, seier Seljeflot.

Null kokain Medan Toll- og avgiftsdirektør Marit Wiig kan rapportera om auka beslag også av kokain og amfetamin på landsbasis, er det først og fremst heroin som framstår med stygge tal på Vestlandet. Også marihuana aukar; tre gonger så mykje som i 1999.

Ikkje ein einaste kokainsmuglar vart avslørt på Vestlandet i fjor, og tala for amfetamin er jamhøge med tidlegare år.

Heller ikkje smugling av sprit og sigarettar har auka her vest. På landsbasis gav fjoråret landets største enkeltbeslag; over fem millionar sigarettar i ein fangst. Totalen for året var 11,2 millionar sigarettar. 122.000 liter sprit vart stogga på grensa. I tillegg tok svenske og danske tollarar 170.000 liter som hadde kurs for Noreg. Norske tollarar kverrsette 13.400 liter brennevin, 15.800 liter vin og 54.400 liter øl.

Økonomisk kriminalitet Næringslivet viser seg både å vera storsmuglarar og å lura seg unna andre avgifter. Berre på Vestlandet, tollstadane Bergen, Måløy, Florø, Stord og Odda, vart det avslørt manglande avgifter til 30 millionar kroner.

Misbruk av farga, avgiftsfri diesel var eit satsingsområde i fjor. Men folk flest var lovlydige eller særs varsame. På landsbasis vart under 24.000 liter «avslørt» som misbrukt. På Vestlandet førte 1800 kontrollar til at 13 sat i saksa.

Tolldistriktet i Hordaland og Sogn og Fjordane tilførte statskassa heile fem milliardar kroner i fjor, medrekna alle former for toll- og avgifter som etaten har ansvar for, deriblant årsavgift på bilar.

HUND ETTER NARKOTIKA: Narkohunden Max er ein verdifull kar for tollarane i Bergen. Ei kraftig auke i beslaga heng saman med innsatsen til Max. (Arkivfoto: Fred Ivar Klemetsen)