OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordDet er den sterke oppbløminga av giftige blågrønalgar gjennom fleire år — og klager frå grunneigarar ved vatnet - som er bakgrunnen for SFTs vedtak. Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland har tidlegare gitt Skippersmolt Settefisk AS frist til juni 2002 med å avvikla aktiviteten i vatnet. Det er ein klage på fylkesmannens vedtak SFT no har teke stilling til.SFT meiner at det utypiske forholdet mellom næringssalt og algebløming i Bergesvatnet talar for at tilførslene av næringssalt bør reduserast.Forureinsingstilsynet meiner at oppbløminga av giftige algar har ført til at ålmenta si nytte av Berges-vatnet er blitt vesentleg redusert.Smoltprodusenten har peikt på vjr- og temperaturforhold som medverkande årsaker til algeoppbløminga. Trass den kalde vinteren skal det også i år vera store algeførekomstar i Bergesvatnet.Isen var i februar fleire stader farga som eit resultat av vasskvaliteten.