Statkraft kalkulerer med investeringar på kring 500 millionar kroner for å byggje dei 35 vindmøllene, vegar, kraftlinje og andre nødvendige installasjonar før vindkraft frå Stad kan sendast ut på nettet.

Med dette som utgangspunkt har Norges vassdrags-og energidirektorat (NVE) rekna produksjonskostnaden for Stadvindkrafta til 28 øre kilowattimen (kWh). Det er ein for høg pris i forhold til kostnaden med andre typar energi, og NVE reknar med at parken treng ei offentleg støtte på ti øre per kWh. I praksis må det offentlege betale over 30 prosent av produksjonskostnadene, eller i overkant av 150 millionar kroner.

— Bedriftsøkonomisk er Stadlandet vindpark ikkje lønsam, slår Norges naturvernforbund fast i sin klage.