PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Då Securitas-patruljen kom til butikken på Øyrane i Førde 15 minutt seinare, var kuppet over og tjuvane truleg langt vekke.

— Dette er folk som visste kva dei var ute etter, seier lensmannsbetjent Odd Helge, som saman med butikksjefen summerte opp verdien av dei stolne varene til mellom to hundre og to hundre og femti tusen kroner.

Innbotet skjedde gjennom hovudinngangen til butikken ved 02.15-tida natt til fredag. Elkjøp Førde ligg i eit forretnings- og industriområdet med minimal busetnad, slik at det ikkje var naboar i området om natta. Dermed kunne tjuvane arbeide uforstyrra og uoppdaga, og politiet har ingen augevitne som har sett folk eller bilar som kan knytast til saka.

— Vi er sjølvsagt ute etter tips, seier Vågseth.

Ifølgje politiet vart åtte mobiltelefonar av merka Ericsson, Siemens og Panasonic stolne, vidare sju digitale kamera av merka Canon, Kodak og Agfa og elleve videokamera av merka Sony, Panasonic og JVC.