RAGNAR HOVLAND

Dei to siste månadene har eg vore ute av heimlandet, stort sett i Spania, men også i Frankrike og det gamle Aust-Tyskland, og såleis hatt rikeleg høve til å føreta samanlikningar mellom det heimlege og der framande. Sjølvsagt er det mykje som er bra heime (i farten kjem eg på vakker natur og det at vi ikkje dubbar filmar til norsk, verken på kino eller på tv), men dei har sine ting i utlandet også, ingen tvil om det. Dei har gode vegar, stort sett godt vêr, billige og gode transportmiddel (i mange europeiske byar føregår no t.d. ei storstilt utbygging av trikkenettet, mens ein i Oslo rustar ned og set opp prisane til eit nivå som fører til at alle som kan kjem til å bruke privatbil), god kaffi, god mat, ikkje minst på vegkroene. (Som alle veit er norsk vegkromat den dårlegaste i Europa, om ikkje i heile verda.) Og det viser seg at dei har eit helsevesen som fungerer, i heilt annan grad enn det norske. (Og tru meg, norsk helsevesen kjenner eg etter kvart litt til.)

For å ta eit lite eksempel: I ein liten fransk landsby kom reisefølgjet mitt ein kveld under ein hyggeleg middag til å gnage litt for hardt på eit grilla kyllinglår. (Ein naturleg ting å gjere, for det var eit svært godt kyllinglår.) Forundra kunne ho straks etter fastslå at halve fortanna var borte. Det var berre å sjå det i augene: Her måtte det kyndig behandling til, det var ikkje noko som ville lækje seg sjølv med litt hjelp av tida. Så tidleg neste morgon (ein laurdag!) sette vertskapet i gang naudhjelpsmaskineriet med telefon til den lokale tannlegen. Der var det fullbooka denne dagen, men i nabolandsbyen var det greitt. Ho kunne få time på flekken. Tanna blei så god som ny, om ikkje betre, det heile tok nokre få minutt, og det kosta ein bagatell på 34 euro.

Kva dette ville ha kosta i heimlandet, våger eg ikkje eingong å tenkje på, det ville svimle for meg, men iallfall ser ein lett at det vil lønne seg å investere i ein billig flybillett og føreta all større tannbehandling i utlandet.

No er eg ikkje imot norske tannlegar (mange av dei er heilt utmerka individ og det førekjem meg at eg var litt forelska i ei søt tannlegedotter ein gong. At eg lett kunne fortelje nokre skrekkhistorier, er ei anna sak, det kan alle), og det er ikkje dei eg vil til livs.

Men eg lurer litt på logikken i dette at når det gjeld andre kroppslege plager, så stiller trygdekontoret opp, mens tennene må ein klare sjølv. Tennene er å definere som luksus, vil ein halde seg med slike, får ein også betale det det kostar. For å illustrere ytterlegare: I ei norsk bilulykke blei to personar skadde. Den eine fekk diverse brotskader og slapp unna med ein nærmast symbolsk pengesum, mens den andre, som fekk tennene slått ut, måtte punge ut med 100.000 kroner av eiga lomme.

Eg veit altså ikkje heilt kor logikken ligg, men den må jo liggje ein stad. Nokre menneske har faktisk ein gong site saman og bestemt dette. Mest truleg har dei sjølve hatt gebiss og såleis tenkt at dette er det vanlege og beste for alle menneske (om det då ikkje var ein slags hemnaksjon, for all den sosiale usikkerheita som deira eigne manglande tenner hadde påført dei). Tenner, har dei vel tenkt, det kan då ikkje vere så nødvendig. Det norske folk har gjennom alle tider vist at det kan ete graut, og til det trengst ikkje slikt. Iallfall kan dei ikkje ha tenkt på at dei skulle kikke på døde menneske som har lege si stund. Då ville dei ha oppdaga at det nettopp er tennene som blir att. Om ein har hatt råd til å ta vare på dei, sjølvsagt.

For det er rart dette med tenner, kor dominerande dei kan vere i menneskelivet. At det er dei gode og kvite tennene film— og popstjernene gjerne vil vise fram når dei skal fotograferast (om dei då ikkje, som Keith Richards og Shane MacGowan, har så avskrekkande dårlege tenner på grunn av sitt utsvevande liv at dei vender nederlaget til noko positivt, til eit rock'n'roll-image av slike dimensjonar at fansen straks går ut og tyller i seg søtsaker). At omgrepet «tannlege» har fått noko så dominerande og skremmande ved seg. Og alle skrekkbilda. (Ei av mine første og fælaste traumatiske opplevingar var då eg som cirka 4-åring kasta ei gummiand på ei gammal dame og eg var vitne til at tennene hennar ramla ut. Ho sa rett nok først at ho var eit troll som ville ta meg, så ein kan med ei viss rett hevde at det var i sjølvforsvar. Men det var iallfall mitt livs første møte med gebisset.) Og tennene har vel, om vi skal vere heilt ærlege, sitt å seie for kven vi har lyst å gi oss til å kysse.

Men før eg fortaper meg heilt i det anekdotiske skal eg prøve å pense meg sjølv tilbake på hovudsporet. Og rett skal vere rett. Det at det er billig tannbehandling i andre europeiske land betyr jo faktisk ikkje at folk i desse landa nødvendigvis har betre tenner enn dei dyrt betalte norske. Så slik sett kan det verke som norske statlege tannkampanjar kan ha hatt ein slags effekt. Og både Thorbjørn Egner, tante Ragne og Trond-Viggo kan vere godt fornøgde.

Norske kommunepolitikarar (som eg kjenner opptil fleire av, eg har til og med gått i klasse med nokre av dei) får ofte kritikk, og - må vi medgi - ofte med rette. Og det dei særleg får kritikk for er om dei bruker skattebetalarpengar på dyre reiser ut av landet, med ektefeller, for å studere eit eller anna utanlandsk fenomen.

Men her vil eg berre få støtte dei reisande kommunepolitikarar så godt eg kan. Eg vil at dei skal reise så mykje som berre muleg. Gjerne heile tida. Med ektefellar. Ja, gjerne med barn! For våre suraste skattepengar.

Så vil dei kanskje sjå at det finst ting som går an å få til der ute, og som det såleis kanskje også ville gå an å få til heime. Om det så berre gjeld tenner.