Onsdag seglar den staselege Kvitegaleasen frå Sotra til Kanariøyane, og kjem klokeleg ikkje tilbake før utpå våren ein gong. Reine trekkfulgen, med andre ord.

Men akk, det blir ikkje latmannsferie for verken mannskap eller skute. Det lange vinteropphaldet i hamna på Gomera, naboøya til Tenerife, skal brukast til full overhaling.

— Alt skal sjekkast - frå vannlinje til mastetopp, fortel skippar Audun Hausberg til BT.

Seglas på ein månad

Treverk skal slipast, skutesider målast, riggen sjekkast og tauverk skiftast ut. Dessutan skal den snart 125 år gamle vestlandsskuta rett og slett få sjansen til å tørka.

— Det er ikkje mogleg å driva vedlikehald i Norge om sommaren, når véret er fint. Det er då me må tena pengar, forklarar skipparen, som skal overvintra i Syden saman med skuta.

Etter planen seglar «Loyal» sørover frå Forlandsvågen i morgon. Mannskapet på fem reknar med å bruka kring ein månad på toktet, som blir det lengste i nyare tid.

— Det blir grådig spennande, men det er véret som bestemmer både lengde og korleis turen blir lagt opp.

Skuta har rett nok vore utomskjærs før og vel så det. I hine hårde dagar segla ho heile vegen rundt Kapp Horn, som den einaste norske galeasen.

125-årsjubileum i 2002

«Loyal» er eigd av familien Hausberg, og mottek ikkje statsstøtte. Utleigeverksemd i sesongen, 400 loyale vener og sponsorstøtte frå næringslivet, gjer at den nyrestaurerte galeasen likevel klarar å halda seg flytande på vestlandskysten.

— Det er oppmuntrande at næringslivet ser verdien i «Loyal», men at staten ikkje viser interesse er ei skam oppi det heile, synest Hausberg, som likevel er optimistisk med tanke på framtidig drift.

I hamna på Gomera, «ei flott perle av ei øy», blir «Loyal» liggande i lag med fleire andre store, europeiske seglskuter.

— Det kjem til å bli eit flott skue. Eit blikkfang!

Og når skuta, nypussa og fin, igjen legg til kai i Forlandsvågen i månadsskiftet april/mai neste vår, er ho komen heim til sitt eige 125-årsjubileum. Det skal markerast med jubileumsturar både langs kysten og inni fjordarmane, i det gamle kjølvatnet til «Loyal».