• Kjem den nye justisministeren til Radøy, skal vi sanneleg ta han med ut på sjøen og fiska pale!

OLAV GARVIK olav.garvik@bergens-tidende.noUthella, Radøy

Johan Hella og sonen John Bernhard ser fram til å få USAs justisminister til Radøy. Dei bryr seg døyten om alt bråket kring John Ashcroft. Blod er tjukkare enn vatn. Ein nær slektning er alltid velkomen til gards.

Dei to Hella-karane er krye. Augo strålar. Dei kan ikkje gå nokon stad utan at folk stansar dei og vil snakka om den mektige slektningen deira.

Heime i den lune stova på Uthella finn Johan fram fotografi og julehelsingar frå den tidlegare guvernøren og senatoren som no er blitt ein av dei næraste medarbeidarane til president Bush.

Syskenborn Johan er ein spreking på 82. Han og mora til ministeren er syskenborn. Men sjølv om han har vore mange gonger i Amerika, har han aldri truffe John Ashcroft.

Han på si side har heller ikkje teke seg tid enno til å oppsøkja strilelandet der begge besteforeldra kom frå.

Men foreldra til justisministeren var på Radøy seint på 70-talet. Ein av brørne til politikaren, Wesley, var og med. Dei hugsar han for ein merkeleg samlarmani; han var ein hund etter piggtrådstubbar!

Vona at Bush skulle vinna – Vi ante nokså tidleg at John kunne bli justisminister, fortel Johan. Broren Bernhard Ingvald på 91 år, som bur i North Carolina, har endå nærare kontakt med Ashcroft-familien og sørgde for at radværingane vart oppdaterte.

– Eg vona av heile mitt hjarta at republikanarane og George W. Bush skulle vinna valet i haust! fortel John Bernhard (49), som til dagleg er oljearbeidar i Nordsjøen.

Dessutan er han aktiv Frp-politikar og sit i kommunestyret. Slektsband og politiske band smeltar med andre ord saman.

– Men eg er ikkje fullt så konservativ som han, vedgår kommunepolitikaren. Det strenge abortsynet til Ashcroft kan han lite med.

– Strilar demonstrerer ikkje Men tenk, å demonstrera mot han, slik ein og annan ungdomsorganisasjon trugar med? Ikkje ein stril vil vera med på slikt, er både far og son overtydde om. Bygdefolk der i traktene har betre vit.

– Vi skal sleppa alt vi har i hendene og ta imot han kva tid det måtte vera. Då skal vi sanneleg ta han med ut på sjøen og fiska pale, seier Johan med ein lur blink i auga og serverer nysteikte vaflar.

No gjeld det verkeleg å få karen hit. Det er rett nok lettare sagt enn gjort, for har han ikkje fått tid før, vert det nok ikkje enklare som justisminister.

Men fleire innbydingar er sent av garde, både frå Radøy-ordførar Olav Steinar Namtvedt, Bergens-ordførar Ingmar Ljones og fleire pinselydar i Bergen og i Nordhordland.

Då er det berre å kryssa fingrane – og i mellomtida gjera klar båt og fiskereiskap.

John Bernhard Hella og faren Johan er begge krye over at "radværingen" og slektningen John Ashcroft nesten er nådd til topps i amerikansk politikk. Foto: Knut Egil Wang