• Fullt så fint vintervjr som i sist veke, blir det neppe. Men det kan bli ganske bra til fjells også denne veka, seier metereolog Rasmus Myklebust ved Vêrvarslinga på Vestlandet til Bergens Tidende.

I går var det regn og gråvêr i Bergen og på Kvamskogen, medan Voss kunne stilla med solglimt midt på dagen, men med våt og tung snø i nedre del av løypene utpå ettermiddagen. Geilo hadde flott vintervêr, men ein skulle ikkje lengre aust enn til Nesbyen før temperaturen var oppunder ti varmegrader.— Med vind frå søraust er det utsikt til betre vêr her vestpå. Under slike tilhøve er det ingen fordel for austsida av fjella, seier Myklebust. Han presiserer at det skal lite til før biletet endrar seg, men eit skifte til det betre kan koma alt i dag. Nattekulden kan føra til morgonskodde både i Bergen og på Vangen.