Der blir det lova utflytting av statlege arbeidsoppgåver frå Oslo. Til distrikta.

— Etter departementet si oppfatning er det mange statlege arbeidsplassar som kan flyttast ut frå Oslo. Vi vil legge til rette for desentraliserte løysingar, slik at vi får ein effektiv offentleg sektor, skriv statssekretær Morten A. Meyer til fylkesmann Oddvar Flæte.

— Stader som ønskjer nye statlege jobbar må legge opp ein strategi som syner at dei vil vera gode lokaliseringsstader for slike jobbar, at dei er attraktive og har tilgang på naudsynt kompetanse, skriv Meyer i julebrevet.