Lilleholt leia utvalet som utarbeidde framlegget til det som vart den nye husleigelova i 1999. Han meiner det er god grunn til å stille spørsmål ved fleire punkt i kontraktane til Ove Matland. — Eg meiner det er tvilsamt med ei leigeavtale som er tidsavgrensa, samtidig som ho gir rett til oppseiing med eit tungt økonomisk ansvar for leigetakaren, seier Lilleholt.Han meiner også det kan diskuterast om Matland har høve til å inngå avtaler avgrensa til eitt år. - Hovudregelen er tre år. Unntak kan gjerast dersom hybelen er ein del av ein einebustad eller ein tomannsbustad, seier Lilleholt. Hans Holmboes gt. 14 har sju hyblar, i tillegg til at Matland sjølv bur i toppetasjen.- Eg tykkjer kontrakten er uryddig. Det er ikkje dette lova har lagt opp til, seier Lilleholt.