Eg las innlegget til hr. Møllerhaug om Harmonien si manglande Fartein Valen-satsing) med interesse. (BT 4.12). Eg er samd i at Harmonien gjer ein stygg bommert. Valen bør stå sentralt på programmet til neste år.

Ikkje i bakrommet. Eg var nyleg i Oslo og såg at det skjer meir på Valen-fronten der. Det er skammeleg, er det ikkje? Eg saknar svar på dette frå leiinga i Harmonien.

Svarar de ikkje snart bør me kanskje vurdere å kome med drastiske tiltak.

Tilrop frå salen. Nokon kastar pianostrengar på dirigenten. Eller at Domkantoriet sit i salen og syng Valen av full hals i alle pianissimo-parti, heile vinteren igjennom.

Eg har snakka med fleire av Harmonien-musikarane om dette. Ingen kan svare på vegner av sjefane sine. Dei seier dei ikkje har makt over programkomiteen.

Mange er einige i kritikk av Valen-mangel. Særleg at utanlandske dirigentar ikkje brenn for Valen. Her må nokon gjere dirigentane engasjert! Kven? Lorentz, høyrer du meg? Her må det skje noko. Kor er ryggraden?