EINAR PÅ EN ONSDAG

Jonas Gahr Støre har halde eit viktig foredrag på landsstyremøtet i Kommunenes Sentralforbund. Han spår at vår pengesterke stat vil ta over stadig fleire av dei kommunale oppgåvene. Lokaldemokratiet forvitrar og valdeltakinga går stadig nedover.

Stadig fleire kommunar nærmar seg konkurs. I den offentlege debatten er dette først og fremst eit spørsmål om pengar. Regjeringa meiner dette dreier seg om behovet for effektivisering og utsetting av kommunale oppgåver til andre. Pengemangelen tvingar fram ei straumlinjeforming av kommunane.

Kommunalminister Erna Hardråde straumlinjeformar etter Olav den Heilage-metoden. Han hogg hovudet av småkongane eller «dei fekk svolk til dei vart folk», som det står hjå Snorre. Så vart dei overlevande kristne.

La oss gå tilbake til den politiske debatten på 70-talet der vi finn røtene til den forvaltningsmodellen vi har i dag. Den gongen var vi opptekne av å finne mottrekk mot den pågåande sentraliseringa av arbeidsliv, busetnad og makt. Alle parti song ein eller annan variant av ei vise om «nærdemokrati». I Arbeidarpartiet kalla vi det «demokrati i hverdagen» og inviterte alle medlemer og sympatisørar til rådslag om korleis vi kunne snu sentraliseringstendensane. Avstanden mellom dei styrande og folket var blitt for stor. Vi trudde alle på større nærleik mellom publikum og beslutningstakarane. Ingen var i tvil om at reformer i denne retninga også ville vitalisere folkestyret. Vi var villige til å betale prisen mindre likskap i bytte mot større mangfald og meir lokal råderett. Som følgje av desse prosessane vart m.a. fylkeskommunen etablert.

I dag ligg fylkeskommunen på sotteseng. Med den store helsereforma vart dette forvaltningsnivået fråteke si viktigaste arbeidsoppgåve. Folks interesse for det som går føre seg i fylkeskommunen er laber. Nå har vi mest ingen diskusjon om korleis vi skal vitalisere demokratiet på regionalt nivå. Vi debatterer for og mot nedlegging av fylkeskommunane. Senterpartiet prøver å halde liv i filosofien om nærdemokrati, men det høyres ikkje ut som dei trur på sin eigen bodskap. Dei fører ein defensiv kamp for å bevare det som var og er. Men vegen tilbake til 70-åra er nok stengd.

Det er lett å finne årsaker til denne utviklinga. Nasjonalstaten har blitt tappa for makt av pågåande internasjonalisering og den europeiske utviklinga. Våre parlamentarikarar kompenserer med å ta tilbake makt frå lokale beslutningstakarar. Profesjonsinteressene har alltid vore skeptisk til nærdemokratiet. Dei vil ha nasjonal likskap. Det tener deira organisasjonsinteresser og fører til mindre uro blant medlemene. Men vi må også leite etter årsaker i kommunalt styre og stell. Erna Solberg har rett i at kommunane nå disponerer større ressursar enn tidlegare. Pengenauda kan ikkje berre forklarast med nye lovpålagde oppgåver frå staten. Vi kan ikkje effektivisere meir, heiter det frå kommunalt hald. Men det er aldri heilt sant. Når veljarane blir likesæle med det som går føre seg i kommunane, nyttar det ikkje å legge heile ansvaret for det på dei nasjonale politikarane.

Eg var nyleg innom heimfylket mitt. Der registrerte eg at folk frå ulike delar av fylket uttrykte seg med respekt om det som har skjedd i Høyanger nyleg. Der har kommunen med eigen innsats reetablert to viktige industribedrifter. Det forvitnelege med det er at dei gjorde det utan å gå den vanlege tiggargangen til Stortinget og regjeringskvartalet. Den løypa har dei visst gått ferdig. I staden leita dei etter andre allierte. Sjølvgjort er velgjort. Brått vart kommunen viktig for innbyggjarane. Det kommunale sjølvstyret fekk ein injeksjon som er meir effektiv enn alle hjelpeaksjonar frå staten.

Eg er framleis tilhengar av nærdemokratiet. Eg er merkt av mine opplevingar som kyrkje— og undervisningsminister for meir enn tjue år sidan. Der hadde eg m.a. som arbeidsoppgåve å motta ei bunke med ankesaker i lokale tilsettingar av skuleleiarar. Det systemet hadde tradisjonar heilt tilbake til den tida då folk drog til Kongen i København for å finne den ultimate rettferd mot futen og stadthaldaren. Eg fann fort ut at fornuftig tidsbruk på desse sakene var nokre få sekundar pr. stk. Eg prøvde å kommunisere til lærarorganisasjonane og andre at eg tok avgjerda etter å ha slått mynt og krone. Eg gjorde ikkje riktig det. Teknikken var å sjå etter to namn som stod på den lange lista av innstillande byråkratar. Dersom dei to var samde, gjekk det som ein røyk å få utøvd den ultimate rettferd på ti sekundar. Det systemet er visst nå avskaffa.

Det var ineffektivt , byråkratiserande og dumt. Dersom Jonas Gahr Støre har rett i at Staten kuppar stadig fleire kommunale arbeidsoppgåver, er det stor fare for at makt blir ført tilbake til lange lister av innstillande byråkratar. Det er framleis ineffektivt og dumt.

Vegen ut av krisa for lokaldemokratiet er reformer. Når det kommunale sjølvstyret fungerer dårleg, er det lurt å finne på noko nytt og prøve å skaffe blanke ark. Sjølvsagt handlar dette også om pengar. Det er ei viktig nasjonal oppgåve å syte for at lokaldemokratiet fungerer. Men dragkampen om nokre få milliardar til eller frå på statsbudsjettet løyser ikkje den systemkrisa vi nå er komne opp i. Dette burde vere hovudtemaet for valkampen neste haust. Eg ønskjer framgang for dei nasjonale partia og dei lokale listene som gjer seg tankar om korleis vi skal komme ut av ei systemkrise. Dei som berre snakkar om pengar og effektivisering, kan gjerne for meg få seg ein over snyteskaftet.

Fylkeskommunen blir vond å berge. Vil vi framleis ha eit regionalt folkevald forvaltningsnivå, er det ikkje sikkert at dei gamle futegrensene er det beste svaret for framtida. Dei nåverande fylka kan nok framleis halde seg i live ved å vere valdistrikt til Stortinget og sete for ein tradisjonsrik institusjon som fylkesmannen. Men grensene til andre fylke er obskure mange stader og samsvarar ikkje med utviklinga av kommunikasjonar, næringsliv og kulturelle mønster. Eg synes vi skal helse med glede at einskilde fylke nå diskuterer å slå seg saman. Det løyser ikkje alle problem. Men det fører i alle fall inn ein dynamikk i debatten og gir ei utfordring om å gjere noko annleis. På kommunalt nivå har det lenge vore opplagt at noko må gjerast med storleik og struktur. Det er berre den parlamentariske situasjonen dei siste valperiodane som har hindra samanslåingar og nyorganisering. Vi har det bætterdø best som vi har det, syng Bør Børson.

Når vi då ikkje har det bra, er det vel ingen grunn til å klamre seg til einingar som i all hovudsak vart etablert for over femti år sidan. Det er ingen floskel at det var andre tider då. Nye kommunegrenser og nye samarbeidsmønster er i alle fall eit første skritt som kan gi mange fleire eit tildriv til å interessere seg for korleis vårt viktige nærdemokrati bør organiserast i framtida.

EINAR FØRDE