Men det var berre ein kvart million soldatar på grensa og trugsmål om krig som fekk Saddam Hussein til å sleppa inspektørane inn att i landet.

Og er får med meg at Kristin Halvorsen meiner at å fjerna Saddam Hussein er eit brot på folkeretten. Ja, så til h... med folkeretten. Born døyr på grunn av Saddam. Men SV har alltid hatt godhug for tyrannar som seier dei er imot USA.

Å høyra venstresosialistar argumentera med folkerett er direkte komisk. Dei har no aldri brydd seg med kva lover som gjeld når dei har handla politisk. Saddam har brote kvart einaste vilkår for våpenkvila i 1991. Desse brota heimlar i seg sjølv at krigshandlingane vert tekne opp att. Difor er krigen i pakt med folkeretten — som skil kategorisk mellom fred og krig. Ei våpenkvile er ikkje ein fred. Det verste brotsverket mot menneskeslekta FN har stått for er at dette skiljet er oppheva. I staden for fred har vi fått våpenkviler og evigvarande fredstingingar.

Saddam er ein tyrann. Dersom ord som menneskerettar og demokratisering har noko meining må Saddam vekk. Det einaste språket han forstår er makt. Han har ustraffa og uprovosert byrja to krigar som har øydelagd livet til millionar av menneske. Den som trur at han friviljug vil gi frå seg makta er ikkje av denne verda. Han fekk sjansen - og vald krig.

Men eg forstår at for SP og SV veg omsynet til den folkeretten som vernar tyrannen Saddam tyngre enn omsynet til dei irakiske folka sine menneskerettar.

Vel, eg venta ikkje anna frå det haldet.

PÅL H. BAKKA