Steinerskolen får ca 85 prosent støtte frå staten. Her er ikkje utgifter til bygg rekna med. Støtta vert i praksis ca 65 prosent.

Steinerskolen er konfesjonsfri, og kan ikkje leige rimelege lokale av ei kyrkje, slik «ov-kristne» skular kan det. Dette gjer at lærarane må gå ned i løn slik at skulen ikkje skal leggast ned. Ein lektor med opprykk tilsett ved Steinerskolen har 220.000 kr i full stilling. I eit anna skuleslag ville denne person tent ca 100.000 kr meir. Einar Førde i kronikken grev fram «klassehulket» frå 30-talet, og er redd at skular for rike skal vekse fram. Eg sit her med min havregraut og hulkar tilbake. Kom ned på golvet til oss, Einar Førde!

SVEIN-MAGNUS LARSEN,

R. STEINERSKULEN I BERGEN