Handelsstanden har skjønt det: Vi treng til dømes å handla på sundagar. Kvifor ikkje? Ungane kan jo vera med. Det er jo ofte ein del underhaldning og greier slike dagar. Må vel vera midt i blinken for våre kjære etterkomarar. Lange, fredelege førjulsdagar i barnehage og skule gjer sikkert sitt til at dei får ein desperat trong til å sjå på folk som spring kvilelaust ikring med dårleg skjult panikk i augo. Og tenk så kjekt å få gjera noko koseleg saman med foreldra. Vi mødrer pleier jo å bli så mjuke og gode i stemmene våre når ungane byrjar å masa om å gå heim med det same vi entrar herlegdomen. Då er kakemennene gode å ty til. Det får heller våga seg om dei ikkje har vore innom bakaromnen heime. Slikt kan vi jo ikkje ta oss tid til. Dei ferdigkjøpte er jo vel så gode. Dessutan slepp vi dette klisset med deig og konditorfargar.

Nokre syngjande englar ville vi vel neppe ha registrert. «Englar dalar ned i skjul» — der trur eg jammen vi har latt dei bli verande, i det skjulte. Larmen av overarbeidde nissar i alle nasjonens fargar og ljomen av stress som gneg inni mangt eit hovud ville nok mest truleg ha overdøyvd songen?

Handelsstanden har til all lette også prøvd å dekkja endå eit av våre grunnleggjande behov: Ljos, ja, mykje ljos. Slike mengder at det reint svir i augo. Sjølvsagt har dette så mykje å seie for oss kundar at det får heller våga seg om det går ut over straumreservane. Vi kan jo alltids skru ned varmen i stova nokre hakk. Eg prisar meg også lukkeleg for at vi endeleg har forstått poenget med det dei har kost seg med i USA i så mange år: Blinkande ljos rundt kvart eit husmøne. Det finnes knapt eit tre som ikkje er vikla inn i elektriske leidningar. Det er sikkert vakkert, men kanskje ikkje så spesielt lenger? Kor ofte stansar borna opp og seier: «Sjå mamma - sjå ljosa.» Kvifor skulle dei vel det? Då hadde dei ikkje fått gjort anna. Til og med ruvande julegraner på landsbygda held på å verta utkonkurrert av andre tre. Slike ljos gjer seg vel aller best når dei er omgjevne av nattemørke og dei ljosa himmelen prøver å gleda oss med?

Eg trur Jesus er glad for at han inntok jordkloden i god tid før jula 2002. Kven hadde vel no teke seg tid til å leita etter eit lite barn, om det var aldri så kongeleg? Eg veit ikkje kva desse tre vise menn sysla med til dagleg, men eit og anna prosjekt hadde vel dei også gåande. Dei la i alle høve arbeidet til sides for å søkja etter Jesusbarnet. Dei forstod at det var viktig - då fekk det heller våga seg med alt det andre som burde ha vore gjort. Tek vi oss tid til å leita etter Jesusbarnet, eller er vi i full gang med å missa betlehemsstjerna av syne?