• Eg vedgår glatt at eg har felt nokre tårer, seier sauebonden som må slakta dyra sine fordi ein sau er råka av skrapesjuke, men ikkje den smittsame typen.

Ingolf Kolve (57) fekk førehandsvarselet for nokre dagar sidan. I går kom meldinga om at det ikkje er nokon veg utanom nedslakting og destruering av sauflokken, desinfisering av bygningar, ompløying og brakklegging av jorda. Tidlegast om to år kan nye sauer setja klovar på Kolve i Raundalen.

Gir opp

— Eg kjem nok neppe til å starta opp att med sauehald, seier ein nedslått sauebonde til Bergens Tidende.

Men han ville ha sett pris på om neste generasjon hadde teke opp arven. Problemet er at det ikkje nyttar å byrja i det små. Ingolf har 36 vinterfora sauer, og såpass mange må det vera for å gå i hop økonomisk.

— Dessutan blir det mykje springing i fjellet dei første åra med heilt nye dyr. Dei som no skal slaktast, kjenner fjellbeita og kjem nesten heim av seg sjølv, legg han til.

— Vi får sjå korleis det går med helsa, seier svigerson Odd Arne Nilsen, som har to hofteoperasjonar bak seg, og ikkje er heilt stø i gangen enno.

— Eg er ikkje heilt overtydd om at Ingolf ikkje set i gang att om to år, sjølv om han nærmar seg seksti. Det er så rart med det. Sau har blitt ein livsstil, og han vil neppe trivast utan, legg svigersonen til.

Nyfødde lam

Nedslaktingsvarselet kunne vanskeleg koma på eit verre tidspunkt. Ingolf Kolve har nettopp hatt si månadslange tørn med lemming. Rett nok treng spelsauen hans mindre fødselshjelp enn dalasauen, den dominerande sauerasen på Vestlandet, ikkje minst på Voss. Men tilsyn må til, av og til ei hjelpande hand også.

No må alle sauene, fleireårige søyer såvel som nyfødde lam, avlivast på garden. Hovuda vert skorne av og sende til Veterinærinstituttet som skal leita etter spor av skrapesjuke i hjernen. Skrottane skal køyrast til Rogaland for destruering.

Sidan skrapesjuke av denne typen ikkje er smittsam, er sannsynlegvis alle sauene friske. I alle fall er kjøtet fullgod menneskemat. Men styresmaktene skal feia all tvil hjå skeptiske forbrukarar av banen; norsk kjøt er reint og smittefritt. Heile buskapen på 36 vinterfora vaksne sauer og 70-80 nyfødde lam blir slakta og destruert.

Føre vâr

— Vi gjennomfører tiltak etter føre-vâr-prinsippet. Sjølv om skrapesjuke av typen Nor 98 ikkje er rekna som smittsam, er det mogeleg at sjukdomskriteria kan endra seg, seier distriktveterinær Ola Skjelde til Bergens Tidende.

Det var i slutten av april at Ingolf Kolve oppdaga at ein sau var sjuk, og tok kontakt med veterinær. Sauen var så dårleg at han måtte avlivast. Prøve vart sendt til Veterinærinstituttet, som gav eit førebels varsel 8. mai, og no stadfester at sauen leid av skrapesjuke type Nor 98.

Det offentlege erstattar dyra etter fastsette satsar etter kjønn og alder; mest for ein avlsvêr, minst for lamma. Kolve har ikkje vêr for tida, og får i prinsippet erstatta slakteverdien. Det vert ikkje ytt erstatning for dei to åra med avbrot. Svært få saueeigarar har privat avbrotsforsikring, heller ikkje på Kolve.

Bruket er uvanleg brattlendt, i lia ovanfor Bergensbanen ein liten kilometer aust for Urdland stasjon. Det blir litt av eit mask å pløya om den stupbratte innmarka. Ein traktor med solide veltebøylar må arbeida på tvers av fallretninga.

Distriktsveterinær Ola Skjelde trur ikkje at dei to isolerte tilfella av skrapesjuke på Vestlandet på kort tid vil får alvorlege føljer for sauenæringa.

— Risiko for dyresjukdom er noko ein må leva med når ein driv med husdyr, seier Skjelde til Bergens Tidende.

HJARTERÅTT: Ingolf Kolve gir sauene sine eit av dei siste måltida. Snart kjem veterinærar for å avliva heile flokken på 36 vaksne sauer og vel 70 lam.<p/>FOTO: ARNE HOFSETH