Det var djerve framtidsvisjonar deltakarane på Vestlandskonferansen, i regi av Sparebank 1 Vest, fekk seg førelagt på Solstrand hotell i går. Ikkje noko mindre enn eit manifest for Vestlandet var det Anne Elisa Tryti, Georg Arnestad, Rune Nilsen og Bente Vatne la fram.

Og målet var klart: Vestlandet må ta makt og ansvar både frå staten og fylkeskommunen og stabla opp eit nytt regionalt ting, Gulatinget. Maktkonsentrasjonen i Oslo må brytast, og vedtaket om Gulatinget må gjerast innan 2007.

Kaldt vatn

Det gjekk som det måtte gå. Os-ordførar Terje Søviknes, frå Frp, slo kaldt vatn over og minna forsamlinga om at ingenting av dette kan skje utan at Stortinget seier ja til å minka si eiga makt. Rannveig Frøiland, frå Ap og Stortinget, var inne på same tanken.

Framstegspartiet er no, ved sida av Høgre, det dominerane partiet i Hordaland fylkesting. Dei to partia har som erklært mål å avvikla det regionale nivået mellom Stortinget og kommunane. Fylkesvararordførar Torild Selsvold Nyborg, som representerer småpartiet KrF i fylkesfleirtalet, sat jamsides med Søviknes. Ho sa at de var viktig å stå opp mot sentraliseringa. At vi no var inne i ei lagnadstid for det regionale nivået. Men Torild Selsvold Nyborg innser nok at dersom det regionale nivået skal bergast, må hennar parti finna attende til den koalisjonen ho valde å forlata etter valet i haust.

Haugkongar

Han som ho forlet, nyleg avgått fylkesordførar Gisle Handeland, Ap, er den sterkaste talsmannen på Vestlandet for halda på eit folkevald regionalt nivå. Handeland gjorde merksam på at det å utvikla regionen ikkje berre hadde som føremål å leggja att meir av rikdommane her vest.

— Eg er sikker på at heile det nasjonale fellesskapet vil tena på at regionane får utvikla seg, sa Handeland.

Uansett er det ei kjempeutfordring å samla Vestlandet til eit ting. Anna Elisa Tryti minna om alle haugkongane som sit og nidheld på sine rettar. Og dei fire fylka, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, held seg jamvel med to «ambassadar» i EU-hovudstaden Brüssel. Rogaland og Stavanger har alt i lengre tid hatt eit kontor i Brüssel, medan dei tre andre fylka, pluss åtte kommunar, mellom dei Bergen og Ålesund, opna sitt kontor i mai i år.

Nyttig Brüssel-kontor

Det var på høg tid, skal vi tru direktøren for kontoret, Gunnar Selvik. Det finst alt 200 regionalkontor i Brüssel, og Selvik er ikkje i tvil om at kontoret kjem til nytte.

— Gjennom nær kontakt med EU-miljøet skaffar vi informasjon om det som skjer i EU. Vi vert lettare merksame på prosjekt og program som kan vera av interesse for Vest-Noreg. Dette er særleg viktig no, når EU står framfor ei kraftig utviding med 10 nye medlemsland. Samstundes er det mykje lettare å skapa kontakt mot og samarbeid med andre europeiske regionar, sa Gunnar Selvik.