Av Magnar Juklestad, Årdal i JølsterEinar Rysjedal, HøyangerTorstein Dahle, Bergen Det har kome lite debattinnlegg frå kraftnæringa — dei sit i glashus og heldt klokeleg kjeft. Men noko av det vetle som har kome fram, er så feilaktig at det må tilbakevisast:

1. Statkraft påstår at vi i eit normalår må importere tilsvarande 500.000 husstandar sitt forbruk.

Eit normalår dreiar seg ikkje om nedbør, slik mange trur. Normalåret er gjennomsnittleg produksjon i tilsigsperioden 1970-99. Kraftnæringa produserer det dei får seldt til godtakande pris. Elles vil vatnet renne forbi eller verte samla opp.

I år 2000 vart det produksjonsrekord fordi to atomreaktorar vart kopla ut i grannelandet. Om dei hadde vore i produksjon, hadde vatnet anten vorte samla opp eller runne forbi ubrukt.

Vi har såleis ein sjølvoppfyllande definisjon på eit normalår. Likevel var det stor nettoeksport i 90-åra og 28 TWh nettoeksport dei tre siste åra. Alt tyder på eit normalår basert på tilsig ville ligge godt over forbruket om perioden var dei siste 15 åra.

Dersom nokon skulle tvile: I 1989 og 1990 rann 17 TWh forbi driftsklare turbinar (dersom ein skal tru Energiplan for Sogn og Fjordane 1993-95 (høyringsutkastet)). Typisk nok vart tala tekne vekk i den endelege planen.

2 . Statkraft påstår at handteringa/tømminga av magasina i haust var flaumsikring.

Rundt 10. august i fjor var magasina under normalen for magasinfylling 1990-2000. Når Statkraft så påstår at selskapet, for å flaumsikre, tømde magasina i fjor haust til under normalen, må det jo tilseie at vi faktisk ikkje har hatt flaumsikring heile tiåret!

Forklaringa på magasin-tømminga er sjølvsagt ei heilt anna; krafta vart eksportert til gode prisar og fordi vassmangelen ville skape eit atskilleg høgare innanlands prisnivå. Det var ikkje omsynet til flaumsikring som tømde magasina!

3 . Statkraft påstår at det er umogleg å seie nei til krafteksport.

Jon Alne «tek kaka» i VG 4. februar når han seier at «Så lenge vi er med i et nordisk kraftmarked kan vi plutselig ikke si nei til krafteksport». Om dette er rett sitert, så har vi eit mykje større problem enn vi var klar over, nemleg at det er utanlandske kjøparar som har fått all makt.

VG hadde same dag bilete av eit fleirårsbasseng som visstnok var oppfylt i haust; Blåsjø i Rogaland. I motsetning til andre fleirårsbasseng, vår påstand. Dette fører over til neste hovudsak. For tre år sia stod det å lese på heimesida til Statkraft at «Aggregat tilsvarende 2000 MW er puttet i møllposer på nordisk basis». Om vatnet hadde vorte samla opp i fleirårsmagasina, så ville dette kunne utgjere 9-10 TWh kraftreserve i eit tørrår. Nyleg hadde Nationen eit oppslag om utbygginga av Svartisen i Nordland. Denne vart sluttført etter «kraftreforma».

Det vart bygt eit fjell av ei demning, men det vart ulønsamt å setje inn to aggregat og lagre vatn som vart rentetap i påvente av tørrår. Dyre ekstralinjer vart det òg. Resultatet er det same; at fleirårsdemningar ikkje vert brukte, utanom ein kanskje, nemleg Blåsjø som dei no synte fram i VG.

Erik Fleischer frå Norconsult har i Aftenposten 28.1. framlegg om tiltak mot tørrår; m.a. «bruk av flerårsmagasiner».

Han meiner neppe bygging av fleire, men nettopp det vi tek opp her. Dei som i sommar køyrde forbi, kunne sjå eit slikt magasin i Hol kommune - Strandavatnet. Det låg då halvfullt. Om kraftnæringa skulle ha tenkt å opprette tilliten på nytt, så får dei avvikle den fordekte samfunnsprofilen dei har etablert. Det er kanskje hovudproblemet når alt kjem til alt.

4. Kraftnæringa framstiller monopoliseringa som eit framsteg.

Kommunane har i stor grad selt seg ut av kraftselskapa dei hadde eigardelar i. Gjelda til oppkjøparane i kraftnæringa har difor auka frå 40 til 100 milliardar kroner (92 mrd. i slutten av 2000 i følgje Statistisk Sentralbyrå, men truleg over 100 mrd. i dag).

Dersom kraftnæringa var idealistisk, så ville ikkje denne veksande gjelda påverke kraftprisen. Men det skal sjølvsagt betalast renter og avdrag på denne gjelda. Det må anten skje ved å auke linjeleiga, som for min del har auka frå 10 i 1991 til 30,5 øre i dag eller ved auka kraftpris. For forbrukarane har dette opplagte konsekvensar. Mykje tyder på at den såkalla «monopoldelen» i kraft«reforma» har vore mest mislukka ettersom tapet i linjenettet auka med 35 % (eller med 2,2 TWh) frå 1992 til 1999.

Dette var stikk motsett av utviklinga på dette området i 80-åra og må difor ha si forklaring i «reforma». For forbrukarane har dette hatt opplagte konsekvensar.

Kommunane sel seg ut for å fylle ei kommunekasse som er tom pga. statlege herjingar med kommuneøkonomien. Ved å selje ut arvesylvet får kommunane råd til å oppretthalde velferd og tenesteytingar og rehabilitere skular og sjukeheimar. Men då er det ikkje lenger staten og skatteinntektene som betalar velferda, men dei som får auka straumpris gjennom monopoliseringa.

Konklusjon: Det spelet som vi er vitne til når det gjeld vasskrafta i haust og vinter har eit alvor langt utover dei som vert ramma av dei høge straumprisane.

Bak det heile står kampen for å få bygt gasskraftverk med dei auka klimautsleppa vi kjenner til. Det som har hindra bygging av gasskraftverk så langt er det har vore ulønsamt med dei vasskraftprisane som har vore.

No kjem gasskraft-alliansen til å arbeide for å skaffe seg kanskje 2-3 milliardar kroner frå Stortinget for å kunne rigga til kabel for auka krafteksport og til å skaffe seg samarbeidspartnarar til kraftsalet.

Forbrukarane har vorte brukt i eit spel for klimaøydeleggjande gasskraftverk og forbrukarane har måtte betale dyrt for å vere brukt i spelet.

Resten av rekninga (dei 2-3 milliardane) kjem i form av tapte velferdsgoder frå ein stat som heller brukar pengar på gasskraftverk.