Line samla inn 222.000 kroner

I dag set Måløy-kvinna Line Engeseth Blålid seg på flyet med kurs for Murmansk. Med seg i bagasjen har ho ein heimelaga sjekk, eit symbol på dei 222.000 kronene ho har samla inn etter forliset med ubåten "Kursk".