Så lenge der ikkje er noen som har noe spesielt å melde, så sparar ein i det minste litt pengar ved å sende alt tomsnakket i ein og same kanal. Det tok lang tid for leiinga i NRK å kome til denne erkjenninga, sjølv om mange av deira eigne, som er stolt av å kalle seg journalist, åtvara allereie frå starten.

A-pressen har drive eit liknande eksperiment ved å kjøpe opp lokalaviser, medan Verdens Gang og Se og Hør har satsa på at det ikkje trengst meir enn eit presseorgan i (deira) verda. Hangen etter sladder og lettkjøpt journalistikk er nemleg den same overalt.

Bortsett frå kontaktsoner der det finst ei presse som krev like mykje av lesarane sine som av seg sjølv: Lidenskapen for det som er nytt, og avskyen for det som er tilgjort nytt.

Når eg nemner «By— og bygdenytt» vil det vekke minner hjå alle vestlendingar. Det var ein type kringkasting som vil gå inn i norsk historie. Kor mange, og i såfall kva slag, lyttarar er det som kjem til å sakne NRK Sogn og Fjordane? Eit viktigare spørsmålet er: Kvifor er det ikkje fleire redaktørar og journalistar som har nytta dei tiåra som lokalkringkastinga har eksistert til å etablere eit, gjerne oppsiktsvekkjande, men først og fremst essensielt, medium som det hadde vore uråd å leggje ned utan at det hadde vorte folkeoppstandelse?

Av Ivar Orvedal