EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.noOsloSosialminister Guri Ingebrigtsen (Ap) vil ha slutt på at tunge narkomane må stå i årevis i metadonkø i eit tungrodd og sentralisert tildelingssystem. Med fastlegereformen vil også dei narkomane få sin eigen personlege lege. I samarbeid med sosialkontoret skal denne få fullmakt til å skrive ut og behandle den narkomane med metadon eller subutex.Per i dag er det berre fire institusjonar som kan gje grønt lys for metadonbehandling her til lands. Resultatet er manglande kapasitet og lange køar. Ved årsskiftet stod 177 narkomane på metadon-venteliste. 628 hadde enno ikkje fått vurdert søknadene sine. Fortsatt streng kontroll — Dersom sosialkontor og lege er samde om at pasienten oppfyller kriteria for å få metadon, skal både utskriving av medikament og behandling skje lokalt, seier Ingebrigtsen til Bergens Tidende.Reformen blir presentert i revidert nasjonalbudsjett i mai, og skal etter planen bli sett ut i livet i løpet av året.- For å gjennomføre dette må vi auke kunnskapen om medikamenta blant legane. Men det skal vi klare, seier Ingebrigtsen, som sjølv er lege.Eit kontrollorgan skal sjå til at metadonbruken skjer etter intensjonane. Korleis denne kontrollen skal organiserast, er enno ikkje bestemt. - Vi må sikre oss at metadonen ikkje hamnar på gata som salsvare blant dei narkomane, og at stoffet ikkje blir brukt saman med rusmiddel, seier Ingebrigtsen.Metadon og subutex er stoff som dempar suget etter heroin, og som ikkje gir rus. Dei blir i Noreg brukt i behandlinga av tunge narkomane som har prøvd andre behandlingsformer utan å lykkast. - Mange slitne Det vart sett ein sørgeleg nasjonal rekord i fjor, med 327 overdosedødsfall.- Vi har i dag ei stor gruppe narkomane som er frykteleg slitne, og som treng hjelp, seier Ingebrigtsen, som meiner innføringa av medikamentell behandling er noko av det viktigaste som har hendt i norsk narkotikapolitikk.Ho har allereie mjuka opp reglane noko; blant anna kan den nedre aldersgrensa på 25 år fråvikast i enkelte tilfelle.Samtidig held ho fast ved at metadon ikkje løysinga på alt.- Det er fortsatt behov for eit skikkeleg sosialt opplegg rundt behandlinga, slik at brukarane har ein stad å bu og noko meiningsfullt å gjere. Vi må heller ikkje gløyme at brukarane blir like avhengige av metadon som av heroin, seier Ingebrigtsen.Regjeringa har også bestemt seg for at staten bør ta over ansvaret for dei institusjonane som driv behandling av narkomane og alkoholikarar, slik dei også vil la staten ta over sjukehusa. I dag skjer dette arbeidet dels i kommunale, dels i fylkeskommunale og dels i private institusjonar. Målet er betre samordning og samarbeid med resten av helsevesenet.- Vi må lage ein definisjon av kven som driv spesialistbehandling og kven som driv rusomsorg. Omsorgen skal fortsatt vere eit lokalt ansvar, seier Ingebrigtsen. Ho håpar å kunne leggje fram reformen for Stortinget slik at han kan setjast ut i livet i løpet av neste år. Nei til legalisering Statsråden har liten sans for Venstres legaliseringstankar, og vil halde fast ved ein streng narkotikapolitikk der all ikkje-medisinsk bruk er ulovleg.- Trur du fortsatt på målet om eit narkotikafritt Noreg?- Vel, det er neppe eit realistisk mål denne fireårsperioden.- Enn dei neste fire?- Vi har eitt legalt rusmiddel i dag. Det er ikkje min politikk å innføre eit nytt, og eg trur heller ikkje det ville gitt færre rusmisbrukarar, seier Ingebrigtsen.

Fakta/ metadon * Metadon er eit syntetisk narkotikum som omtrent same verknad som morfin. * Abstinensen for heroinistar blir sterkt dempa. Brukarane blir avhengige, men ikkje rusa, av metadon.* Subutex er eit nyare middel med dei om lag same verknad. Metadon blir tatt i flytande form, Subutex som pille.

Utskriving og behandling med metadon skal i framtida skje i regi av allmennlegar og sosialkontor. - Vi har ei stor gruppe narkomane som er frykteleg slitne og som treng hjelp, seier sosialminister Guri Ingebrigtsen (Ap). I bakgrunnen informasjonssjef Jostein Soldal.