— Det er ikkje vanskeleg å latterleggjera 17. mai-talen som eit pliktløp frå frigjering via krig til fred og til slutt nokre ord om våre nye landsmenn. Og så endeleg er det potetløp, seier Linda Eide (biletet) til BT.

— Men talen er faktisk eit eineståande høve for den som har noko anna på hjarta også, og til å få sagt det til sambygdingar ein elles ikkje ville ha treft.

- Angra bittert

Eide har halde fire 17. mai-talar i sitt liv, men har i år konsekvent takka nei, blant anna til Unneland grendalag.

— Det er hyggeleg og ærefullt å bli spurt, og eg har stor medynk med alle 17. mai-komiteane i bygder og grender som spør. Men eg hadde bestemt meg for ikkje å gje meg i kast meg nokon tale i år, for eg har stundom angra bittert på at eg sa ja, fortel Linda Eide til BT.

— Mens alle andre nyt maisola og er våryre, lyt eg sitja der og prøva å hugse: Kva var no det der med 1814 igjen? Eg trur eg kan seie at eg etterkvart har lese meir om 1814 enn gjennomsnittet, men du gløymer fort detaljane.

Kunsten å seie nei

Vossingen, som er busett i Bergen, har fått fire førespurnader om å vere talar i år, også frå stader ho ikkje har tilknyting til. Då er det lettare å takke nei.

— Det er også enklare å seie nei, når du skjønar at personen som spør deg har fått i oppgåve å spørje, ler Eide:

— Ein av dei som ringde gjorde det nokså klart at han eigentleg kunne tenkje seg ein annan talar, men at dei andre i komiteen ville ha meg. Når du forstår at du er nummer ti på lista, er det også lettare å takke nei.

Ikkje humorforbod

Her er Linda Eides råd til deg som skal på talarstolen 17. mai.

— Talen bør vere underhaldande. Det har aldri eksistert noko forbod mot meiningsfull humor på 17. mai – det berre verkar sånn. Innhaldet bør vere gjenkjenneleg, og du bør prøve å gje publikum iallfall ein ny tanke, og dele ut ein moralsk øyrefik. Men det er ikkje lett, for 17. mai-talen er ein vanskeleg genre, seier Eide. – 17. mai-talar følgjer utviklinga, med stadig større krav om fart og hurtig redigering. Hugs at snart sit MTV-generasjonen i 17. mai-komiteane.