Av Grunde Grimstad,student ved NHH ogjournalist i Studvest

Staten si lånekasse for utdanning skal først vurdere å gi oss stipendet når eksamen er avlagd og bestått. Ikkje meir slinger i valsen! Dei har sett seg lei på studentar som surrar rundt på universitetet og brukar både eitt og to år på å finne ut kva dei vil med livet sitt. Dersom dei ikkje har planen klar i god tid før avslutta vidaregåande, får dei vere så gode å halde seg borte. Her skal det ikkje vere rom for etternølarar, drøymarar og studentar som brukar tid på utanom-faglege aktivitetar. Nei fysjom føy! Skal dei drive med slikt, får dei betale av eiga lomme.

Nok ein gong må nokon lide for at vi har Stortinget fullt av skuleflinke yrkespolitikarar, som ikkje har synleg mykje forståing for at folk flest gjer nokre feil her i livet.

Studentane høyrer til mellom Noreg sin presumptivt mest kompetente og oppegåande ungdom. Det er flinke folk. Mange les knallhardt heile semesteret, og likevel stryk dei på ein eksamen no og då. Dei set seg i gjeld utan garanti for å få arbeid etterpå. Dei har ingen sjukelønnsordningar! Mange les i periodar 16 timar pr. dag og dei har ei arbeidsmiljølov som ville fått LO til å gå berserk. I tillegg til alt dette skal vi no vurderast som ei simpel produksjonsbedrift.

Trur Arbeiderpartiet verkeleg at slikt vil stimulere den vesle resten av friviljug studentarbeid og engasjement som enno heng att? Vil dette skape eit meir kreativt forskingsmiljø? (Dette miljøet har til no vore verken Lånekassa eller Stortinget si forteneste.) Tja... Kva skal vi eigentleg med folk som les utanomfagleg litteratur?

Mange på Stortinget vil nok klandre meg for at eg tek meg tid til å skrive dette innlegget når eg berre har ei veke att til eksamen. Uansvarleg som eg er, så skriv eg ut av simpelt samfunnsengasjement, utan vederlag, lønn eller sjukelønnsordning!

Problemet for Stortinget er at studentane produserer for lite vekttal, aha..! Kva gjer vi så med det? Vi gjer det enklaste: skjuler konsekvensane! Flytt alt ansvaret frå dei ansvarlege og over på studentane. Straffe svake/uheldige studentar slik at dei vert endå meir stressa, og får enno mindre sjanse til å ta seg inn att.

Kva kunne vore gjort i staden? Kanskje å gi meir pengar til å bruke på vegleiing og oppfølging for nye forvirra studentar, som flyttar frå trygge mor og far, og brått skal greie seg åleine i ein glupsk, stor og usikker kvardag med ansvar for eiga læring? – Nei bevare meg vel, det ville no ta år å sjå resultat av noko slikt. Og våre analyser viser at det ikkje vil ha noko effekt på vår popularitet ved neste stortingsval.

Next week in Stortinget: Forslag om å trekkje attende kunstnarlønn for poetar som ikkje produserer meir enn ei diktsamling i kvartalet. Forslag til dagmulkt for forskarar som ikkje løyser kreftgåta.