OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordI barnebortføringssaka mot Per Kristensen som no går for Sunnhordland heradsrett, gav lensmann Fosse i går klår melding om at politiet bør halda ein låg profil i barnefordelingssaker.— I denne saka er politiet kritisert frå begge sider for ikkje å ha gripe inn overfor den andre parten. Eg meiner det aldri er noko god løysing å bringa inn politiet. Unnataket er når barn lir overlast, sa den 41 år gamle lensmannen i si vitneforklaring. - Ja! svara Fosse kontant på aktor Sturla Vestly sitt spørsmål om foreldre generelt set eigne behov føre ungane sine behov i tilsvarande saker. Dei fire siste åra har Kvinnherad lensmannskontor vore involvert i barnefordelingssaka mellom Per Kristensen (46) og den danske ekskona. Før jul 1997 kom to polititenestemenn på døra til Kristensen saman med to utsendingar frå barnevernet. Føremålet var å henta dei to barna heim til mora, som hadde fått omsorgsretten.Då eldsteguten sette seg sterkt imot å bli flytta, konfererte politimennene med lensmann Fosse, som straks avgjorde at den lovleg forkynte tvangsforretningen skulle avbrytast.- Det ville vore eit overgrep mot ungane å gjennomføra forretningen på det tidspunktet, sa Fosse. Ein tidlegare barnevernkonsulent i Kvinnherad forklarte seg i retten i går om kvifor barnevernet hjelpte barnemora med å føra ungane ut av Noreg i mai 1998. Slike handlingar er i strid med barnevernslova så lenge ei barnefordelingssak ikkje er rettsleg avgjort. Barnevernkonsulenten var ukjent med lovregelen, og tok sjølvkritikk på det.I dag er det prosedyrar i saka.