ERLEND SANDEKRISTINE HOLMELID erlend.sande@bt.no

Gravemaskin vart nytta for å for å lage hol i isen, slik at dykkarar kunne søke i to kulpar i elva. Om lag 20 personar var med i arbeidet, som stansa av kveldsmørket.

— Søket var utan resultat, men vi har klarert ut delar av elva som ikkje var hundre prosent klarert tidlegare, sier politiførstebetjent, Einar Christensen, som har leia aksjonen.

Sogn politidistrikt avslutta i går den organiserte leiteaksjonen etter Ole Ivan Rørvik, som sist vart sett i Sogndal sentrum klokka 23.00 laurdag for ei veke sidan.

— Måndag vil vi ta opp til vurdering kva vi skal gjere vidare i saka, seier Christensen til Bergens Tidende.

Uansett held friviljuge frå Sogndal Røde Kors Hjelpekorps truleg fram leitinga etter den sakna mannen. I går søkte dei mellom anna med videokamera i sjøen ved Sogndal - også det utan resultat. Ole Ivan Rørvik har vore sakna frå Sogndal sentrum sidan klokka 23 laurdag kveld for ei veke sidan.