— Eg har veldig lite lyst til å få ein offentleg debatt rundt dette no. Eg forstår godt at de ønskjer å skrive, men tykkjer ikkje det er greitt å kommentere saka slik ho står no, seier Anne Kleiven, dagleg leiar i Kuba AS.

Mannen som eig over 90 prosent av aksjane i selskapet, Kjell Didrik Helgesen, har heller ikkje vore mogleg å få i tale. Det var han som starta bedrifta i 1997, og var inntil 1. april dagleg leiar. Han er i dag oppført som tilsett i Kuba AS.

— Dette kom litt brått på, var alt Helgesen ville seie då BT ringde han. I Brønnøysundregistra er Helgesen i dag registrert som einaste medlem av styret i selskapet. Selskapets siste styreformann, Arvid Daastøl Høy, gav melding til Brønnøysund 20. desember om at han trekkjer seg.

— Eg er ikkje lenger styreformann. Snakk med fylkeskommunen, seier Daastøl Høy, som nektar å svare på spørsmål om selskapet.