I tillegg fortel han oss at det skal verte større forskjellar mellom kommunane. Han fortel oss også at er du misnøgd med tenestene i kommunen du bur i, så er det berre å flytte. Så enkelt er det for ein professor som i mesteparten av sitt liv har sete i ei verna stilling på Handelshøyskolen i Bergen.

Det viktigaste med ei endring er å skape tryggleik kring endringane, då er opparbeidde rettar viktige. Menneska er slik laga at det må ligge ein trygg base i alle livets sider. Det bør Bondevik-regjeringa lære seg.

Eg håper ikkje at professoren har skusla bort ei moglegheit for å få ei positiv omstilling i den offentleg sektor. Det første hoppet var ei buklanding. I framtida i denne prosessen bør menneska som skal gjennomgå dette vere i sentrum, ikkje teoriane. Dei er det altfor mange av i Bondevik-regjeringa.

PER BJ. MOLNES