TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bergens-tidende.no

Doktoren vart teken då han låg på hjul etter ambulansen på veg til sjukehuset med ein pasient. I ei 50-sone stod politiet med lasermålar. Farten vart målt til 86 kilometer i timen. Politiet tok frå legen førarkortet, og gav han eit førelegg på 5500 kroner.

Kommunelegen har heile tida nekta å vedta bota. Han hevdar han handla i nødverje då ha køyrde etter ambulansen. Grunnen var at han måtte komme seg fort tilbake til ein annan pasient som hadde stort behov for legehjelp. Saka vart lagt vekk av politiet, men denne avgjerda vart i ettertid anka av lensmannen i Sula.

No har politiet snudd igjen, melder Sunnmørsposten. Politifullmektig Inger Ferstad seier til avisa at politiet har avhøyrt fleire personar, og gjennom etterforskinga fått fram langt fleire detaljar enn dei hadde då det vart avgjort å leggje bort saka.

Onsdag 7. februar må kommunelegen møte i Sunnmøre heradsrett. Tidlegare arbeidde kommunelegen i Sogn og Fjordane.