TERJE ULVEDALterje.ulvedal@bt.no LeikangerEtter å ha lytta til over 500 "klager" sidan hausten 1998, er det ikkje tvil om at det skil seg ut eit fåtal legar som blir gjenstand for slik kritikk, skriv pasientombodet i Sogn og Fjordane i årsmeldinga for år 2000. Dårlig kommunikasjon Legene er gjengangere i klagesakene.46 pasientar vende seg i fjor til pasientombodet med klagemål som skildrar dårleg kommunikasjon mellom lege og pasient. Dette utgjer heile 40 prosent av den samla klagemengda til ombodet.Det største sjukehuset i fylket, Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane, kjem i eit svært dårleg lys. Heile 39 av 46 kommunikasjonsklager gjeld sjukehuset i Førde.16 pasientar hevdar dei har fått dårleg informasjon. Sju klagar på kommunikasjonsvanskar, og 16 meiner seg utsette for uhøvisk framferd. Eller dårleg folkeskikk, som pasientombodet like godt meiner det kan kallast. Einaste sjukehuset Pasientombodet legg ikkje fingrane i mellom i kritikken av sjukehuset i Førde. Det er det einaste sjukehuset i fylket som har motteke klager for uhøvisk framferd frå legar. Rett nok har talet på denne type klager gått ned, men dei er framleis eit stort problem.Då fylkestinget i Sogn og Fjordane i går drøfta årsmeldinga frå pasientombodet, var fleire av politikarane opptekne av måten enkelte legar fører seg på.— Sentralsjukehuset ser ut til å ha ei stor oppgåve på dette området. Kva vert gjort? ville Kirsti Eklund (SV) vite. 80-85 prosent nøgd Fylkesrådmann Per Drageset fann grunn til å understreka at trass alt er det store fleirtalet nøgde med helsetenestene. Førde-sjukehuset gjer også ein svært god jobb.- Undersøkingar viser at 80 til 85 prosent av brukarane er nøgde både med service og kvalitet i helsevesenet vårt, understreka fylkesrådmannen før han gjorde det klart at dei sjølvsagt tek problemstillingane som pasientombodet tek opp på alvor.- Mellom anna er Sentralsjukehuset i gang med ei omfattande gransking av korleis pasientane oppfattar institusjonen. Dette er ei undersøking som vert gjennomført av utanforståande forskarar. Forventar handling I årsmeldinga understrekar ombodet at han på vegne av pasientane no forventar at dei ansvarlege leiarane ved dei avdelingane som får slike klager tek tak i problemet. Ombodet kjem med fleire forslag som kan betre både kommunikasjon og tillit mellom lege og pasient samt kvaliteten på helsetenestene. Mellom anna peikar ombodet på at det er vesentleg at konsultasjonen er godt førebudd, for at tilliten mellom pasient og helsearbeider skal verte halden ved like.- Nokre pasientar fortel at dei har møtt legar som les i journalen medan pasienten er der, som om dette skjer for første gong. Gjennomlesing av journal på førehand vil oppretthalde og auke graden av tillit mellom lege og pasient. Sannsynlegvis vil det også auke kvaliteten av dei vurderingane som vert gjort, meiner pasientombodet.