HILDE SANDVIK

Det er innhaldet i eit rundskriv som er inne i siste høyringsrunde frå Sosial— og Helsedirektoratet. Skrivet kan gjera det enklare for politiet å finna fram til personar som er uskikka til å eiga våpen.

— Rundskrivet er resultat av ei tids dialog med Forsvarets Overkomando og Politidirektoratet. Det presiserer dei pliktene og rettane som er heimla i helsepersonell-lova og i strafferetten, seier direktør i Sosial- og Helsedirektoratet, Hans Petter Aarseth.

Teieplikta set krav

— I helsevesenet er teieplikta eit svært tungtvegande prinsipp. Samstundes kan ikkje helsepersonell alltid gøyma seg bak teieplikta. Om det er reell fare for at ein pasient kan koma til å forbryta seg mot nokon vert opplysingsplikta utløyst, seier Aarseth.

— Har det vore store diskusjonar før ein kom fram til formuleringane i rundskrivet?

— Vi som jobbar med helsevesenet er svært tilbakehaldne med å bidra til å lempa på teieplikta. Skal vi det, må vi vita at vi kan oppnå noko. I dei aller fleste tilfella er det heilt umogeleg å forutsjå tragediane. Vi kan heller ikkje sikra oss mot at slikt skjer i samfunnet. Rundskrivet er vårt bidrag, seier han.

Dødeleg coctail

— Våpen, samlivsbrot, alkohol og menn er den mest dødelege coctailen i det norske samfunnet. Tre-fjerdedelar av alle drap i Noreg er samlivsdrap, sa professor Paul Leer-Salvesen til VG i januar. Han meinte det var to måtar å forebygga samlivsdrap på:

  • Fjerna våpen frå heimane.
  • Byggja ut tiltak som kan hjelpa menn i samlivskriser.

Dei siste åra har det også blitt enklare for politiet og forsvaret å inndra våpen. I 1998 vart regelverket endra både for politiet og forsvaret. Der det før heitte at instansane kunne ta våpen frå folk der det var tvil om vedkommande var skikka til å bera våpen, heiter det no at ein skal inndra våpen i slike tilfelle.

Regelverket har vore praktisert ulikt.

Ein av dei tydelegaste stemmene i debatten har vore politimeister i Agder (tidlegare Bodø), Bjørn Hareide.

Som politimeister i Bodø innførte han følgjande justis:

  • Den andre gongen ein person vert brakt inn til fyllearresten blir det kontrollert om vedkommande har våpen. Har vedkommande det, blir samtlege våpen inndregne.
  • Når politiet har tatt hand om begjæring eller tvangsinnlegging ved psykiatrisk institusjon, blir eventuelle våpen på tilsvarande vis beslaglagt.