Det er gale at analysen hans er gjev eit skeivt og overforenkla bilete av røyndomen. Det er verre at argumentasjonen hans tek fokus bort frå viktige problem i vår tid.

Le Pen står først og fremst for nasjonalisme og rasisme. Det er nei til innvandring og det er nei til EU. Nå kan ein sjølvsagt vera mot EU utan å vera verken rasist eller nasjonalist. Det er ikkje der hunden ligg gravlagd. Poenget er at det ikkje går an å bortforklara framandfiendtlege haldningar ved å visa til at folk er frustrerte. Rasismen og nasjonalismen er tankesystem som vil seia noko om korleis verda er og heng saman — om dei og oss. Rasismen og nasjonalismen er alvorlege kreftsvulstar på vår vestlege sivilisasjon. Dei blir ikkje borte av seg sjølv. Dei blir berre borte gjennom aktiv kamp. Her har me alle ein jobb å gjera.

Her må eg dessverre vedgå at eg ikkje klarer å sjå at Ungdom mot EU har gjort sin del av jobben - for å seia det diplomatisk. For meg verkar det som om Ungdom mot EU har vore meir opptekne av at nasjonalistisk grums kan brukast til eigne føremål. Folk med framandfrykt stemmer neppe ja til EU. Det krev mot for å ta eit klart standpunkt som kan forringa sjansane til å få gjennomslag for eiga sak. Det motet har eg ikkje sett frå Ungdom mot EU.

ARNE LANGHELLE