Ingen parti i nyare norsk politisk historie har svikta sitt eige partiprogram og så til dei grader møter seg sjølv i døra som KrF. Kjell Magne er dei svake og fattiges talsmann og som bevis for denne påstanden gjev han 400 mill. til dei fattige og 12 milliardar i ekstra skattelette til dei rikaste. Han har familien i fokus seier han, men er leiar for ei regjering som hittil har gjort 108.000, mange av dei foreldre, arbeidslause. Held KrF fram samarbeidet med Høgre, støtta av Frp, så er min prognose for kommande stortingsval at partiet vil vere nede på ein oppslutning på to til tre prosent.

Den dumskapen leiinga (strategane) i KrF syner er skremmande, men mykje meir alvorleg er den nesten ufattelege kombinasjonen av latskap, likesæle og dumskap som den jevne veljar og heimesitjar er eksponent for. «Det er det same kven vi stemmer på,» seier dei lågtlønna og gjev stemmene sine til Høgre og Frp. I bakgrunnen sit slike som næringslivstoppen Diderik Schnitler og ler høgt av desse dårane medan han samlar inn pengar til Oslo Høgre frå næringslivet. Ein av bidragsytarane er finansmannen Atle Brynestad, som nyleg fekk ein kontrakt med Oslo kommune om bygging og utleige av ein sjukeheim.

Makt— og demokratiutreiinga (50 bøker og 77 rapportar over fem år) konstaterer at vi er blitt ein nasjon av middelklasse, og middelklassen er lei av å gje pengar til lågtlønte og statskassen. Middelklassemenneska (feite førtiåringar) vil nyte meir og yte mindre til fellesskapet, dei er rett og slett for lite reflekterte til å sjå seg sjølve i ein kontekst der velferdsstaten, som dei sjølve ikkje lenger vil bidra til, er «redningsmannen». Kjell Magnes regjering vil gje meir handlingsfridom til kommunane (mindre øyremerka midlar), samstundes konstanterar Statistisk sentralbyrå at kommuneøkonomien no er so elendig at den «gir ingen mulighet for økonomisk handlefrihet».

Det er ikkje til å kome frå at folk flest ikkje tåler å ha det for godt. Vi er blitt ein nasjon befolka av late materialistar. Vi skal ikkje anstrenge oss verken fysisk eller mentalt - og det synest på avkommet til dei slappe tretti-, førti- og femtiåringane, mange av dei kan knapt lese og skrive skikkeleg når dei går ut av ungdomsskulen og skulle dei møte opp for å avtene militærteneste så vil fire av ti bli sende heim av di dei er fysisk og psykisk uskikka til å avtene verneplikta. Det blir ein hard nedtur for desse slappe menneska når livsstilssjukdommar tvingar dei over på eit trygdesystem modellert av partiet Høgre.

Dei borgarlige høgreliberalistane jobbar raskt medan dei framleis har makta til å gjennomføre kampsakene sine, dei veit sjølvsagt godt at når mange nok blir ramma av konkurranseutsetjing og omsider skjønar kva dei har stemt på, så blir dei forbanna og byrjar å stemme til venstre for sentrum igjen. Folk har seg sjølve å takke for det som no går føre seg og politikarane er som alle andre, dei kjempar for å behalde posisjonar og privilegium og går dermed i fella som heiter kortsiktig tenking!

Henning Rutledal, Eivindvik