TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.noLåvisberget i Aurland

— Dei har hatt bra flaks, konstaterer lensmannsbetjent Marianne Aanensen i Aurland nøkternt.

Passasjeren pådrog seg store brotskader, og vart send med luftambulanse til Haukeland. Men mannen var bevisst, og det skal ikkje vere fare for livet. Sjåføren slapp frå utforkøyringa utan større skader, men vart likevel med i helikopteret til sjukehuset.

Det var i halv tolv-tida mandag føremiddag at ulukka skjedde. Dei to kameratane skulle køyre reklamemateriell frå Oslo til Bergen, og valde altså fjellovergangen på riksveg 50 mellom Hol og Aurland. På veg ned det bratte Låvisberget mot Aurland, for bilen utfor vegen og rett ned ei stupbratt skråning. Lastebilen vart liggande kring 25 meter nedanfor vegbana.

I det bratte og ulendte terrenget vart det ein svært vanskeleg redningsaksjon. Og det tok lang tid før den hardt skadde passasjeren kunne fraktast vekk frå ulukkesstaden og til sjukehus.

— Vi måtte bruke helikopter for å få han opp att i vegbana. Ved hjelp av ein redningsmann og heis, løfte helikopteret den skadde opp att i vegen. Deretter bar det vidare til Haukeland, fortel lensmannsbetjent Aanensen.

Både politi, brannvesen, biltilsyn og ambulansar rykte ut til ulukkesstaden då meldinga om ulukka kom kring klokka 11.30.

— Så langt tyder alt på at bremsesvikt er årsaka. Men kva som er grunnen til at bremsene svikta er for tidleg å seie noko om. Det vert ei oppgåve for Biltilsynet å finne ut av, seier Marianne Aanensen til Bergens Tidende.

STUPBRATT: Lastebilen vart liggande i denne bratte skråninga nedanfor riksvegen gjennom Lovisberget. Redningsmannskapa måtte bruke helikopter med heis for å få den hardt skadde passasjeren opp att i vegbana. (FOTO: JENS HAUGE)