JAN STEDJEjan.stedje@bt.noLærdal — Lærdølene har verkeleg tennt på moreller. Interessen er så stor for nyplanting at denne våren er det problem å skaffe nye planter, i takt med etterspørselen, seier fylkesagronom Harald Nornes.Og laksebygda i Sogn er som skapt for morelldyrking. Mellom dei trange fjella i dalen er det lunt og varmt; det gir den ekstra gode smaken på bæra.- Lærdølene fekk svært gode tilbakemeldingar på moreller som vart sendt til Tyskland i august i fjor, seier Nornes. Stort potensial Moreller er eitt av dei få jordbruksprodukta som har eit stort marknadspotensial, og til gode prisar. Fylkesagronomen er difor rimeleg sikker på at Lærdal er på veg mot å bli den neste store morellbygda på Vestlandet, etter Ullensvang og Hardanger. Lærdal har hatt mange gullår på grønnsaker, og på laks. No utnyttar bøndene sine store areal til morelldyrking, ofte i samarbeid mellom fleire gardbrukarar for å få effektiv drift på "plantasjane". Tyskarane ville Bergens Tidende veit at den tyske marknaden betalte heilt opp til 80 kroner kiloet for moreller frå Lærdal mot slutten av august i fjor.- Norske moreller kjem på eit gunstig tidspunkt, etter at det er slutt på morellsesongen elles i Europa, seier Nornes, som trur gjennomsnittsprisar på 40 kroner per kilo er oppnåeleg for saftige, store og knallraude delikatesser frå dei nye "plantasjane" i Lærdalsdalen.