Sjukehuset vert prioritert, men også dei er no bedt om å spare på vatnet.

Like sidan laurdag har det vore store vanskar med vassforsyninga i Lærdal på grunn av kulden. Ved hjelp av ein brannbil som pumpa vatn frå Lærdalselvi opp i vassbassenget, greidde kommunen å halde vassforsyninga oppe i helga.

Men ved middagstider mandag var det slutt. Vatnet fraus i slangane, og det vart avgjort å kople heile sentrumsområdet ut. Det er uvisst kor tid folk i sentrum kan få vatnet tilbake.