Kari Pedersen

Nær kvar tredje skule på Vestlandet har ufaglærte lærarar i staben, viser BTs store skuleundersøking.

Mange har ei historie som liknar Anita Øygard si. Opphaveleg agronomutdanna. Gardkjerring på øya Reksta ei halvtimes båtreise frå Florø. I 16 år har ho undervist på barneskulen der, uten å ha dei formelle papira i orden.

Utan godkjend utdanning har ho ikkje fått fast jobb. Heller ikkje tener ho det same som ein ferdig utdanna lærar.

— Mykje nattarbeid I fjor bestemte ho seg for å bli lærar, også på papiret. Då vart ho teken opp som student ved den desentraliserte lærarutdanninga som Høgskulen i Sogn og Fjordane driv. Om tre år ho ferdig allmennlærar. Undervisninga tek ho i Florø og via internett heimefrå.

I mellomtida jobbar ho halv stilling ved vesle Rognaldsvåg skule med 12 elevar. Måndag, tysdag og onsdag er ho i arbeid på skulen, så set hos seg sjølv på skulebenken torsdag og fredag. På toppen kjem det nettbaserte heimearbeidet.

— Det blir mykje nattarbeid, ler Anita Øygard, som i tillegg til studiet, jobb og gard har fire eigne ungar i alderen 16 til 3.

Rektor Geir Nygård ved Skavøypoll skule i Vågsøy kommune lenger nord meiner den desentraliserte lærarutdanninga er i ferd med å løyse lærarkrisa for småskulane.

Bergar lærarskulen òg For tida har Høgskulen i Sogn og Fjordane 84 studentar i gang med nettbasert lærarutdanning, fordelte på ei gruppe i Florø og ei på Gol, fortel studieleiar Jan Julusmoen.

I haust startar ei ny gruppe i Odda. Eitt år meir tar det å bli lærar på denne måten. Dei fleste studentane er voksne kvinner med erfaring frå skulen.

Ofte er det skulesjefane i ein region som tek initiativ til ei ny studiegruppe. – Dei ser trongen for nye lærarar ut frå aldersamansetjinga av staben på skulane i deira kommunar og mangelen på kvalifiserte søkjarar, seier Julusmoen.

For Høgskulen er desentralisert lærarutdanning blitt ein måte å oppretthalde talet på studieplassar på når søkjartala til lærarskulen fell. I haust startar 70-80 nye elevar treårig utdanning på huset, og 40-50 tar fatt på den fireårige desentraliserte.