• Då rektor fortalde at eg må halde meg vekke frå jobb, trudde eg det var det var ein spøk, seier lærer Vigdis Dahl ved Nysæter ungdomsskule. Foreldra fryktar at ho kan smitta elevane med sars etter å ha vore på studietur til Kina.

Urolege foreldre vurderte å halde ungane sine heime frå skulen, etter at det vart kjend at Vigdis Dahl, rådgivar og lærar ved Nysæter ungdomsskule hadde vore på studietur til Kina i påska.

På grunn av frykt for sars-smitte var meldinga frå fleire foreldre klar: Dersom Dahl møtte på skulen måndag denne veka, kom dei til å halde barna heime.

Fordi smittevernlegen i kommunen vurderer smittefaren som minimal, orienterte rektor Olav Flatøy først foreldra om at læraren kom til å møte på jobb som vanleg. Men den store pågangen frå redde foreldre gjorde at han ombestemte seg.

— Overreagering

No må den kvinnelege læraren halde seg vekke frå arbeidsplassen til 5. mai, mot sin eigen vilje.

— Eg skjønnar at folk vert skremt av alle medieoppslaga om sars, men dette er å overreagere. Sjansen for å bli smitta i Kina er mindre enn å vinne i Lotto, seier Vigdis Dahl til BT.

Studiegruppa frå Utdanningsforbundet drog til Beijing 10. april, dagen før Verdas helseorganisasjon gjekk ut og åtvara folk mot å reise til Kina.

Dahl meiner ho og resten av gruppa gjorde alt dei kunne for å unngå den livsfarlege bakterien.

— Dei siste dagane vart vi pålagt å bruke munnbind, og vi fekk forbod mot å ta buss, taxi eller undergrunnsbana, fortel ho.

Rektor overraska

Situasjonen som oppstod i helga, etter at Dahl var komen heim, var ikkje lett for rektor Olav Flatøy.

— Eg måtte vurdere situasjonen, og kom fram til at det er eit mindre problem at ein lærar held seg vekke frå skulen nokre dagar, enn at ein stor del av elevane gjer det, seier Flatøy til BT.

Han er likevel overraska over dei sterke reaksjonane frå foreldra.

— Alle har fått skrivet frå smittevernlegen, og eg trudde at det ville roe ned situasjonen. Men samtidig kom det nye meldingar om sars på fjernsynet, som i sterk grad bidrog til å dramatisere situasjonen, fortel Flatøy.

— Synest du at foreldra er hysteriske?

— Etter mi vurdering er vel dette ein tendens til overreagering, men eg vil ikkje gje meg ut på karakteristikkar av foreldra sine reaksjonar.

Telefonstorm

Nysæter ungdomsskule har 220 elevar. Ein av dei som har barn på skulen er Kjell Arne Skålevik, som også er leiar i Foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU).

Skålevik opplevde telefonstorm frå engstelege foreldre, då det vart kjent at Vigdis Dahl nettopp hadde vore i Kina. Han meiner at rektor har gjort eit riktig val.

— Avgjerda kan bidra til å roe ned stemninga. Personleg trur eg ikkje at det er nokon smittefare, men saka har skaka opp både elevar og foreldre.

— De er ikkje redde for å bli stempla som hysteriske foreldre etter dette?

— Det er vel det som er faren ... Men folk ser dagleg oppslag om sars, dei følgjer med og er opplyste, svarar FAU-leiaren.

- Bortimot hysteri

Smittevernlegen i Stord kommune, Odd Winge, har snakka Vigdis Dahl, og seier til BT at læraren har ingen symptom på sars.

Derfor synest Winge at det er «nokså unødvendig» at læraren må halde seg vekke frå arbeidsplassen, men forstår at rektor må gjere ei totalvurdering.

— Men medisinsk sett er grunnlaget tynt Risikoen for å bli smitta av ein frisk person er lik null. Iallfall svært lik null, seier Odd Winge.

— Er dette symptom på hysteri?

— Iallfall frå foreldra si side, som nektar å sende ungane på skulane Då er det bortimot hysteri.

Sjølv vel Vigdis Dahl å ta det heile som ein liten ekstra ferie med løn.

— Det gjer ikkje meg noko å vere heime. Men eg gler meg til å kome tilbake på skulen på måndag, seier ho.