Den nord-irske førsteministeren seier at freden i Nord-Irland kjem seinare enn han hadde forestillt seg.

— Den følelsesmessige utviklijnga hjå folk tek veldig lang tid. Hjå enkelte grupper har såra byrja å gro, medan andre enno jobbar hardt mot freden. Men den underliggande utviklinga trur eg er positiv, seier han.

For det er ikkje lett å legge hatet til side i Nord-Irland. Bitre fiendar bur i same gate, og kvar og ein veit kven som har gjort kva mot andre.

— Prosessen går sakte, men vi kan ikkje be folk skunde seg heller. Dette må komme over tid, seier Trimble til bt.no.

Ei av dei store vanskane er avvæpning av paramilitære styrkar som IRA. Tidlegare i år gjekk Trimble av fordi IRA ikkje visste teikn til å ville levere inn våpna. Etter at det vart vist konkret vilje til avvæpning i haust, vart Trimble på ny valgt som førsteminister.

— Det er framleis problem med avvæpning, fire år etter at fredsavtala vart underteikna. Noko av det viktigaste vi må gjere, er få redusert statusen til dei paramilitære styrkene, seier Trimble.

DAVID TRIMBLE: Her fra et møte i Unionist partiet i Belfast Waterfront Hall, Belfast. FOTO: Paul Faith REUTERS