Kva med dei norske landbruksmyndigheitar som hev som mål å utradere 35.000 gardsbruk? Er ikkje det landssvik?

Mange av dei beste bruka og gjevaste brukarane er alt ute av soga.

Trass i hungersnaud og svolt og to verdskrigar hev folket yverlevd her i landet. Og ingen svalt under siste krig.

No kan det verte ei katastrofe i tilfelle av terror, blokade, kriser og krig.

Ikkje nok med at tyskare, nederlendare og andre utlendingar — nok ein gong - kjøper upp norsk jord. Norske forretningsmenn, legar, tannlegar etc. er i ferd med å tileigne seg gardsbruka. Desse utlendingar og nordmenn er folk utan landbruksutdanning og erfaring og hev stort sett ingen interesse av å drive bruka.

Hobbybruk kan ikkje forsørge dei sjølve og dei er yverhovudet ikkje kompetente, eller fullstendig ute av stand til å forsyne det norske folk med naudsynte matvarar um det verste skulle skje i desse terrortider eller i framtida.

GUNNHILD SKJEFSTAD,

HJARDARHOLT